Etter førre val i Rauma uttrykte mange veljarar uvisse til om det i det heile var gagn i å røyste, i og med at det oppstod konstellasjonar som fram til då var uråd å tenkje seg. Til opplysing for veljarane vart det difor gått ut med klåre alternativ før årets val i Rauma, der partia Sp, Ap og SV uttalte og skriftfeste ein avtale på at dei gjekk til val som ei, samla blokk. Dette var både trygt forankra i kvar av dei tre partidemokratia, men også kunngjort i media overfor veljarane – og det truleg meir formelt enn nokon gong før i raumapolitikken. Denne konstellasjonen fekk også eit fleirtal frå veljarane.

Men den gong ei. Representanten Marit Nauste frå Ap kunngjorde allereie dagen etter valet at ho trekte seg frå partilista, og at ho heller ville røyste for ordførarkandidaten frå H. Med det svinga også bismaren frå veljarane si vilje, til at høgresida fekk eit knapt fleirtal på 14–13 i kommunestyret. Å seie at Nauste med det har ført Ap-veljarane bak ljoset, kan knapt vere for sterkt.

Her har altså ein einskild person sitt brot med den avtalen ho sjølv har skrive under på kort tid i førevegen, gjort at det kan sjå ut som om resultatet av valet i Rauma faktisk får eit anna utfall enn kva eit fleirtal av veljarane har gitt uttrykk for. Nauste sitt hevda vonbrot over samarbeidsklimaet i Ap har gjort at ho har bikka «maktbalansen» i det påtroppande kommunestyret i Rauma, og at ho har lagt til rettes for at høgremannen Hustad kan bli attvald som ordførar. I tillegg har ho gått ut med at ho kan tenke seg ein plass i formannskapet, som sin del av lotten for å sikre ei vidareføring av eit borgarleg fleirtal.

Mange har nok gått til vallova for å sjå om det er mogleg å «arrestere» ein slik politisk oppførsel, andre har truleg tenkt meir på det me kan omtale som ein ålmenn, lokalpolitisk folkeskikk.

Ei lov, som vallova, har som me veit til mål å regulere tilhøva mellom menneska i det samfunnet der lova er verksam. Der kan me tale om lova sin bokstav, der ein lokalpolitisk oppførsel som skildra ovanfor ikkje står imot paragrafane. Men me talar ofte også om «lovens ånd» – altså eit moralsk nivå der det er snakk om kva som er intensjonen med lova. I og med at det knapt nok nokon gong har vore ein klarare skriftleg avtale mellom tre parti om å stille til val som ei samla blokk, må me seie at Nauste sin oppførsel faktisk strir mot kva som er vallova sin intensjon. Ho har sett eigne, personlege stridsspørsmål med leiinga i den lokale partigruppa framom folkeviljen, enkelt og greitt.

Spørsmålet er kva som vil skje under det konstituerande møtet? Høgresida, med noverande ordførar Hustad i spissen, har då to val. Dei kan anten la veljarane sine røystesetlar få tale, og med det la Sp, Ap og SV få det fleirtalet i kommunestyret som veljarane har gjeve dei. Eller dei kan la den rett etter valnatta fristilte representanten Nauste sitt lodd bikke heile valet, og ta imot hennar støtte til eit borgarleg fleirtal, og med det sikre Hustad fire nye år i ordførarstolen.

Men er det på det viset H ønskjer å sikre seg ein ordførar? Spør du meg, burde dei moralsk sett i så fall la det som har skjedd av ugreier i andre parti berre indirekte falle til eigen fordel, og i alle fall på ingen måte gje Nauste løn i form av politiske verv. For om H og samarbeidspartane under det konstituerande møtet faktisk gjev Nauste verv som takk for hennar brå skifte etter valnatta, då meiner eg at dei same partia samstundes er med på å ikkje berre godkjenne, men også honorere, ei slik lokalpolitisk vakling som berre er med på å svekke så vel tiltrua til det lokaldemokratiske systemet, som skriftfeste avtalar og intensjonen i vallovgivinga. Den einaste moglegheita H og samarbeidspartia har til å kome seg ærefulle ut or dette, er i så fall å la Nauste stå for sitt (udemokratiske) syn, men utan å honorere i form av politiske verv. Alt anna vil stå fram som eit knefall der det lokalpolitiske demokratiet blir ofra. Eller i verste fall, vil me få ein mistanke om at Nauste og Hustad har hatt ein intensjon om eit slikt samarbeid alt før valet. Og er det stoda, då snakkar me verkeleg om at omsynet til fleirtalet til veljaren blir ofra, og at einast omsynet til eigen maktkåtskap heilagar midlet om å sikre den noverande ordføraren fire nye år i eit verv som veljarfleirtalet har sagt dei ikkje ønskjer han skal sitje med.

Mads Langnes, Senterpartiet