Vestnes: Vestnes kommunestyre held fast ved tidlegare planar og vil legge biblioteket i det planlagde helsehuset. Det vart klart etter ein lang debatt i kommunestyret torsdag. Krefter har jobba for å få til ei meir sentral plassering. Lokale i det nedlagde bakeriet (bildet) har vore foreslått. Høgre fremma forslag om alternativ plassering i tråd med gjeldande sentrumsplan, men fekk berre ni stemmer. Fleirtalet på 14, mellom anna ei samla Sp-gruppe, hindra omkamp.