I fjor var første året med turistskip i Eresfjord, i alle fall i nyare tid.

Første og siste

Det vart ein suksess, og 16. mai klokka 07.00 seglar MS «Deutschland» inn fjorden. Dette blir det einaste cruisebesøket i Eresfjord i år. Skipet kjem då frå Kristiansund. Avgang frå Nauste er klokka 12.00.

Om bord er det 550 passasjerar, dei fleste frå Tyskland. Skipet, som er registrert på Bahamas, har eit mannskap på 290.

Musikk og husflid

– Det er planlagt musikk på kaia og Eira husflid vil vere på plass, skriv Eresfjord cruisehamn på Facebook-sida si.

Dei oppmodar alle som kan om å møte opp og ønske turistane velkomne.

– Ekstra stas med flagg oppe i bygda også for anledninga, skriv dei.

MS «Deutschland» er bygd i 1998, er 175,3 meter langt og på 22,5 bruttotonn.

Turistskip: «Deutschland» (framme) kjem til Eresfjord tysdag. Her frå eit tidlegare besøk i Molde. Foto: Per Kåre Tveeikrem Foto: Per Kåre Tveeikrem