MIDSUND: Midsund idrettslag har stått bak trappe-prosjektet «Midsundtrappa» opp mot Digergubben på Otrøya, og vil no saman med kommunen ta suksessen vidare.

Søknad

I brev til Midsund kommune søker idrettslaget om økonomisk støtte til delprosjekt for å utbetre også andre populære turstiar i kommunen.

MIL foreslår at kommunen påtek seg å dekke kostnad med delprosjekta Midsundhorn, Rørsethorn til Bjørnhola, og kløvstien i Blø. Arbeidet skal gjerast av Sherpa. Halvparten av kostnaden er tenkt dekt av tippemidlar. I tillegg utfordrar idrettslaget kommunen om å legge til rette trappesti med forbindelse mellom Midsund Marina og opp til Midsundura og trappene der.

Suksess

– Stien til Digergubben har blitt ein kjempesuksess, og har betydd god tilrettelegging for trening, friluftsaktivitet og naturoppleving. Det har også sett Midsund på kartet meir enn noko anna sak, med mykje god og positiv omtale, skriv rådmann Ketil Ugelvik. Han held fram Rørsethornet som neste prosjekt å prioritere.

Rørsethornet

– Turen til Ræstadhornet og Rørsethornet er ein attraksjon, og bruken har sett sine spor. Steinlegging på delar av stien vil vere eit godt og fornuftig tiltak, skriv rådmannen.

Det vert vist til at den nye parkeringsplassen på Fjellsenden der stien til Rørsethornet startar, på godversdagar er sprengt. Fleire parti på stien er sleipe og slitne, med behov for omlegg--ing og utbetring.

4 millionar kroner

Formannskapet har hatt saka til behandling, og stiller seg bak rådmannens tilråding om at Midsund kommune set av inn til 4 millionar kroner til bygging av prosjekt Rørsethornet. Det omfattar delprosjekt strekninga parkeringsplassen til Bjørnhola, og delprosjekt Bjørnholatraversen (ura). Prosjektet er tenkt finansiert med reformstøtte, momskompensasjon og spelemidlar. Vedtak føreset at kommunen overtek avtalar med grunneigarar og Stibyggaren, og at Midsund idrettslag leier arbeidet.

Neste steg

I saksutgreiinga vert det vist til at kommunen har vedteke å forskotere spelemidlar til prosjekt Fjelltrapper. Første del var utbetring av stien til Digergubben og Midsundhorn, med utbetring av stien til Rørsethornet som steg 2. Kommunestyret skal behandle saka torsdag.