Vil ha nynorsk i Batnfjord

Ei gruppe foreldre går no saman for å sikre nynorskklasse på førstetrinnet ved Batnfjord skule i haust.

GJEMNES: I dag tek formannskapet stilling til opplæringsmål for Batnfjord skule.

Som kjent vart det nyleg i rådgivande folkeavrøysting fleirtal for at bokmål skal vere opplæringsmål ved skulen.

Mobiliserer.

Med utsikt til bokmål som sannsynleg opplæringsmål, har foreldre til kommande førsteklassingar no engasjert seg for likevel å få språkdeling og nynorskklasse på første trinn til hausten.

– Eg har sjølv hatt nynorsk som førstespråk, og vil gjerne at barna mine skal oppleve det same. Fleire foreldre har allereie sagt ja til å bli med på krav om nynorskklasse, andre har saka til vurdering, fortel Hilde Myrvang.

Skolestart.

Som mor til ein seksåring, meiner ho det er det beste for barna å lære nynorsk frå begynnelsen.

– Vi gler oss jo til skolestart uansett om dette går i orden eller ikkje. Men alle skal lære begge målformer, og då er det absolutt enklast å begynne med nynorsk. Bokmål lærer jo alle enkelt etter kvart, seier Myrvang. Om ein eventuell nynorskklasse vert ei lita gruppe, ser ho det som ein positiv bonus.

Minst 10.

Krav om eventuell språkdeling må komme frå foreldre til minst 10 elevar.

Rektor Mari Unhjem ved Batnfjord skule opplyser at når det gjeld første klasse, vil bokmål vere «standard» om det vert gjort politisk vedtak om dette.

– I så fall må foreldre aktivt krevje språkdeling for at det skal bli nynorsk som opplæringsmål, seier Unhjem.

Fristen for å melde inn ei slik gruppe er 1. mai.

Undersøking.

Skulen har også undersøkt kva ønskje foreldre til elevar som allereie går på skulen har om opplæringsmål:

– Dei aller fleste ønskjer at barna skal halde fram med den målforma dei er i gang med, seier Unhjem.

– Som før.

Avdelingsleiar for skole og barnehage i Gjemnes kommune, Terje Humstad, reknar med at Batnfjord skule i dei kommande åra vert språkdelt.

– Vi har i dag språkdeling; dei som kom frå Gjemnes skole har bokmål, dei andre nynorsk. Slik blir det nok vidare også, dermed vert det ikkje den store overgangen, seier Humstad.

Sjølv om namnet på skulen nok vert endra frå Batnfjord skule til Batnfjord skole om politikarane vedtek endring av opplæringsmål frå nynorsk til bokmål.

Mer å lese på Rbnett:
 
Leses nå
 
Gjemnes

Stoppet all trafikk

Storkontroll på Bergsøya. Slik ble fangsten.

Sjukefraværet går ned

Men Møre og Romsdal er fremdeles over landsgjennomsnittet.

Freifjordtunnelen stenges

Skal ha brannøvelse og rengjøres denne uken.

Bor du i Molde? Sjekk din skjulte gjeld!

Molde kommune har større gjeld pr innbygger enn alle andre byer med over 20.000 innbyggere.

Må vente lenge på å få flytte grenser

Vågstranda søkte i oktober 2016 – får svar i 2018

-Føler verda har blitt litt mindre

Tidenes første internasjonale veke i Aukra blei braksuksess.

KRONIKK

Inkludering skjer i lokalsamfunnet

«Et aktivt, inkluderende folkestyre er nøkkelen til å løse dagens og framtidas samfunnsutfordringer.»