Alpane, Uralfjella, Kaukasus og Andesfjella. Og ei fjellkjede utan namn! Den ligg i Norge. Den ER Norge.
Endret: 22.02.2012 kl. 10:01
Fræna-forfattaren Øystein Hauge vil bøte på dette misforholdet og inviterer no til konkurranse om kva den 2500 kilometer lange fjellkjeda som utgjer Norge skal heite.
Ideen og inspirasjonen fekk han ein tidleg søndag morgon med kaffikjelen på komfyren.
Langstrakt
– I radioen snakkar dei om fjell. Ikkje om Hardangervidda, Jotunheimen eller Lyngsalpan. Eller, jo. På eit vis er det nettopp Hardangervidda, Jotunheimen og Lyngsalpan dei snakkar om. Dei snakkar om Noregs langstrakte fjellkjede – 2.500 kilometer lang. Men også om ei fjellkjeda utan namn, skriv Hauge i eit innspel til Norsk Språkråd, publisert på litteraturnett.no
Nettstaden tar no initiativ til ein namnekonkurranse der dei ikkje berre skal syte for å oversende alle gode forslag til Norsk Språkråd og andre offentlege instansar som steller med slikt – men også kommentere/drøfte dei ulike forslaga på www.litteraturnett.no og andre nettstader.
Løfta seg
Hauge viser til geologen Henrik Svendsen som i radioprogrammet fortel at alle fjellparti i Noreg dannar ein kontinuerleg kjede tohundreogfemti mil lang. Frå Sørlandet til Finnmark går denne fjellkjeda. Svendsen forklarer at fjellkjeda føyer seg inn i ein kategori av fjell som er oppstått frå eit forholdsvis flatt landskap, ved at landet har løfta seg vertikalt. Same type fjell finn du i Sør-Afrika, Brasis og på Grønland.
– Og først mot slutten av radioprogrammet er det at han kjem inn på at fjellkjeda ikkje har noko namn: Her heime er det tydelegvis ingen som har tenkt på at vi burde ha eit eige namn på fjellkjeda vår, seier Svendsen i programmet. Og Hauge er samd.
Eigne forslag
Ifølgje Wikipedia er ein fjellkjede nemninga på eit større område med samanhangande fjellformasjon. Døme på fjellkjeder er Alpane og Pyreneane i Europa, Ural og Kaukasus mellom Europa og Asis, Atlasfjella i Afrika, Himalaya i Asia, Rocky Mountains i Nord-Amerika – og Andesfjella i Sør-Amerika.
– Noregs fjellkjede finn eg er seks gonger så lang som Pyreneane. Seks gonger så lang som både Alpane og Kaukasus, seier Hauge, som til slutt lanserer to av sine eigne forslag:
a) Nordlyskammen
b) Nordlysryggen
Diskuter denne saken
Innsendt av Kari 24.02.2012 17:23:53 Varsle!
NORSKEFJELLA
Innsendt av Borat Sagdijev 23.02.2012 15:05:40 Varsle!
Vi kunne lurt turister hit med "Nordlyskammen" eller "The Great Royal Mountains of the Glorious Kingdom of Norway".
Desverre er nok "Tåkeheimen" langt nærmere sannheten...
Innsendt av Svein Sørensen 23.02.2012 03:02:54 Varsle!
Det kan vel alle i norden enes om.
Innsendt av Kolbjørn Bjørsnøs 22.02.2012 19:21:57 Varsle!
Fjellkjeda har alt eit namn. Ho heiter Den kaledonske fjellkjeda. Eller Kaledonidane.
Innsendt av øystein hauge 23.02.2012 10:02:08 Varsle!
Med det at fjellkjeda allereie har eit namn er altså verken Norsk Geologisk Forening, Norsk Språkråd eller Universitetet samd i. Sjå posane mine under. Eller du kan gå til heimesidene til f.eks. www.forskning.no
Innsendt av kolbjørn bjørsnøs 23.02.2012 12:33:36 Varsle!
I riksmålsordboka, bokmålsordboka og i nynorskordboka er Den kaledonske fjellkjeda i bruk som namnet på fjellkjeda det her er snakk om. Og i all geologisk/geografisk litteratur er det snakk om Dkf.
Rett nok har namnet latinsk opphav, og er såleis i godt selskap med vanlege norske ord. Du er poet og lyrikar, Hauge; for mange er det gresk.
Innsendt av Anders And 23.02.2012 10:01:10 Varsle!
Som Lindemann er inne på er det mange som kaller fjellene for den kaledonske fjellkjeden. Dette er et geologisk navn og er rester etter fjellkjeden som ble dannet ved platekollisjon i Devon-tiden. Rester av denne finnes og i Skottland, derav navnet (Caledonia = Skottland). Men det blir litt dumt dersom fjellene i skandinavia skal hete "den skotske fjellkjeden". Dessuten tilhører fjellene ca sør for Hardangerfjorden-Oslo ikke den kaledonske fjellkjeden, geologisk sett.
Som en kuriositet kan det nevnes at man inntill på 60-tallet trodde at restene av fjellkjeden var sammenhengene også under vann, og at konklusjonen dermed var at det ikke var sedimentære bassenger i Nordsjøen som kunne inneha oljereservoarer. Det går en historie om en høytstående mann i et utenlandsk oljeselskap som på denne bakgrunn skulle "drikke hver eneste dråpe olje som skulle bli funnet utenfor norskekysten"
Innsendt av FJ Lindemann 23.02.2012 08:49:10 Varsle!
Det har også eit geografisk namn frå før. Det geografiske namnet som er i bruk er Skandane: Skanden på tysk, Scandes på engelsk og fransk, Skanderna på svensk ... Kaledonidane er eit reint geologisk uttrykk, og namnet skriv seg dessutan frå det latinske namnet på Skottland.
Innsendt av HUTTIHEITAFJELLENE 22.02.2012 16:18:27 Varsle!
Baksida av Romsdalsfjella kaller jo sunnmøringene for Sunnmørsalpene i all beskjedenhet. Fjellkjedene i Norge henger sammen bare en går dypt nok, og alle har sine navn. Vi slår sammen heile sulamitten med navn og kaller den Norske fjellkjeden for SULAMITTENE. , et motstykke til dolomittene.
Innsendt av Nordmand C Andersen 22.02.2012 15:41:33 Varsle!
Navnet er ledig siden det var en plategrossist som het dette for mange år siden før de gikk konk.
Innsendt av Fræn Fjellå 22.02.2012 13:58:53 Varsle!
"Kjølen" er et eksisterende godt navn. Noen, spesielt værmeldere bruker "Langfjella", men enkelte som ikke liker "Langfjella" velger å bruke "vest for vannskillet" når man er i Sør -Norge.
Poenget er ihvertfall at man klarer å gjøre seg presist forstått med de begrepene man allerede har i dag. Innfører man ett tredje navn, tror jeg det bare skaper mer forvirring enn oppklaring. Og det er vel ikke hensikten?
Innsendt av Øystein Hauge 22.02.2012 14:25:29 Varsle!
Det er absolutt (slik eg ser det) gode argument for å velgje noe av det som allereie i dag er namnet på delar av denne fjellkjeda (slik du skriv). Men når HEILE fjellkjeda no skal få eit namn (geologimiljøet veit eg har ute ein konkurranse med det første) trur eg eit heilt nytt namn ville ha vore å foretrekke. Eit namn som også reiselivsnæringa lettare kunne ta i bruk i marknadsføringa av dette gilde, langstrakte fjellandet vårt. Og då å få "putta inn" også nordlyset (slik eg gjer i mine forslag, internasjonalt ville det kunne ha betydd meir enn vi kanskje aner, marknadsføringsmessig). Mitt eige "Nordlysryggen" er sjølsagt berre eitt - av det vi trur blir fleire forslag (ei handfull er allereie i innboksen min)
Innsendt av Paul Holmem 23.02.2012 06:15:08 Varsle!
Du, Øystein Hauge, skriv på bloggposten din (litteraturnett.no) vedrørande namneframlegga dine, Nordlyskammen og Nordlysryggen: "Ein engelsk versjon av namnet vil truleg også vekkje stor interesse verda over - frå nordlysentusiastar. Berre tanken på Aurora Borealis som dansar over denne kammen/ryggen - frå Sørlandet til lengst nord i landet".
Fenomenet nordlys gjer seg sterkast gjeldande i og nær polområda. På fastlandet her til lands er det mest iaugefallande, flammande og fargesprakande i Troms og Finnmark, og det er desse fylka utlendingar, jamvel nordmenn òg, tenkjer på og reiser til når dei skal sjå nordlyset, og det gjer dei rett i. Visst hender det at ein ser nordlys her sør òg, men det er meir sporadisk, og dei siste åra har nordlyset vore svært sjeldan å sjå her. Å marknadsføre Noreg med Aurora Borealis dansande over ein kam/rygg som strekkjer frå Lindesnes til Nordkapp, er meir vill-leiande enn rettleiande turistreklame, tykkjer eg. Sant å seie har dei to nordlegaste fylka hittil hatt monopol når det gjeld marknadsføring av nordlyset, og slik bør det halde fram med å vere.Når eg er så kritisk til dine framlegg, bør eg som vederlag ha noko betre å legge fram. Det har eg ikkje på ståande fot. Kanskje kjem eg fram til noko når eg har fått tenkt meg om?Innsendt av Rune Kvammen 22.02.2012 13:31:22 Varsle!
Høhø... Hvorfor kaller man det Skandes og ikke Skalpene?
Synes forøvrig Norge passer "fole" bra for fjellkjeden.
Innsendt av Roger 22.02.2012 12:40:12 Varsle!
Langfjella, sier de på værvarslinga på radioen. Kunne ikke det vært et egnet navn?
Innsendt av Øystein Hauge 22.02.2012 13:29:02 Varsle!
"Langfjella" er i alle fall dekkande når vi tenkjer på nettopp fjellkjedas lengd :-) Og eit namn som jo allereie er i bruk, men då berre for delar av fjellkjeda. "Geomorfolog" (under) kjem også med interessante betraktningar. Sjølv om han altså argumenterer (godt) for at fjellkjeda har nok av namn å velje blant, som det er.
Innsendt av Øystein Hauge 22.02.2012 11:07:57 Varsle!
Les heile bloggposten min - der eg syner til geogologiforskaren Henrik Svendsens uttalelsar i høve fjellkjeda som ikkje har noe namn. Og også til eit brevet frå Norsk Språkråd (til underteikna) i sakens anledning. Les det her:
www.litteraturnett.no
Innsendt av Fjellfugl 22.02.2012 10:59:46 Varsle!
Dumt at fjellkjeden skal hete noe helt annet enn i Sverige og i engelskspråklig geolitteratur. Det skaper bare forvirring. Skandinidene er så vidt jeg husker også brukt i norskspråklig geolitteratur. Navnet gir samtidig klar indikasjon på hvor fjellkjeden ligger.
Innsendt av Øystein Hauge 22.02.2012 10:38:17 Varsle!
Sitat seniorforsker i geologi, Henrikk Svendsen:
"Det er ganske underlig at vår fjellkjede ikke har et navn. Hvis det rykker i munnviken når du leser dette, og du tenker på ”Langfjella” eller ”Kjølen”, så er det navn som på ingen måte dekker hele fjellkjeden. Svenskene kaller den på sin side ofte for ”Skandes”, etter at den svenske geografen Erik Ljungner lanserte navnet på 1940-tallet. Han la ikke skjul på at han var inspirert av klingende og enkle navn som ”Alpene” og ”Andes”. Her hjemme er det tydeligvis ingen som har tenkt på at vi burde ha et eget navn på fjellkjeden vår. Er det slik at vi ikke er opptatt av fjellene? Jeg har vanskelig for å tro det, for vi er jo et hyttefolk, drar til fjells i hopetall hver eneste helg, og har en landsdekkende turforening med 240.000 fjellglade medlemmer. Mangel på navn kan kanskje nettopp ha noe å gjøre med den særegne hyttetradisjonen, der folk ferdes lokalt i fjellet og overser de storskala forholdene. Den gradvise økningen av landskapets høyde, fra Sverige og inn i Norge, gjør også at kjeden ikke lett lar seg definere som en helhet"
Innsendt av Geomorfolog 22.02.2012 10:09:15 Varsle!
Jaudå, den skandinaviske fjellkjeda har namn. Mange namn, på fleire språk. Problemet er snarare at det norske namnet, Kjølen, i den allmenne oppfatninga har blitt synonymt med svenskegrensa. I geomorfologisk forstand er Kjølen og svenskegrensa samanfallande på strekninga frå Treriksrøysa sør for Skibotn til Trøndelag. Nord for Treriksrøysa går Kjølen gjennom Troms, Finnmark og Finland mot Nordkapp. I sør bøyer Kjølen av mot sørvest; gjennom Dovrefjell, Reinheimen, Jotunheimen, Langfjella, Hardangervidda og Setesdalsheiane mot Lindesnes. Frå Vestlandet må ein altså over Kjølen for å kome til Austlandet.
På svensk heiter fjellkjeda Skanderna, og på engelsk (the) Scandes. Eg har ikkje høyrt radioprogrammet som dannar utgangspunkt for denne saka, men det overraskar meg at ein utdanna geolog ikkje kjenner til desse namna. I den engelskspråklege faglitteraturen er 'the Scandes' konsekvent brukt om den skaninaviske fjellkjeda.For også å understreke det: fjellkjeda er ikkje norsk, ho går både gjennom Sverige og Finland. Og ho går gjennom Sør-Noreg. Norske, konstruerte ni-time-namn som "Nordlyskammen" bør derfor falle på hard steingrunn.Nei, ein namnekonkurranse treg vi ikkje. Det vi treng er litt folkeopplysning om at vi allereie har eit knallgodt norsk namn på den skandinaviske fjellkjeda: Kjølen.