"Pellæræsjå" vann pris i Nederland

Gjengen i 9.klasse ved Riksfjord skole reiste til Delft i Nederland sist onsdag for å delta i First Lego League Open European Championship.

Gunn E. Aarønes
Publisert: 05.06.2011 kl. 10:47
Endret: 05.06.2011 kl. 10:47

Gjengen skulle som eitt av tre norske lag konkurrere i forskjellige kategoriar mot 66 andre lag frå heile verden.

”Frienship Award” Og laurdag ettermiddag var det klar at gossingane hadde hala i land den heile ferske prisen ”Friendship Award”. Denne går ut på at andre lag skal dele ut Lego-klossar på andre sine ”pit”ar, basert på mellom anna venlegheit, hjelpsomheit og den type kriteria.

- Dei som gir frå seg klossar skal grunngje kvifor, og våre elevar fikk mellom anna for ryddig pit, for å ha lånt bort Lego-bordet sitt, at vi hadde så blide og vennlege elevar på ”pit”’en vår og på den måten blei postivt lagt merke til, fortel kontaktlærar Mari Lotte Julnes på telefon frå Delft.

Stolt og glad

- Elevane er kjempestolte og kjempeglad for å ha vunne denne prisen, og særleg stas er det at det er dei andre laga, og ikkje dommarar, som har vurdert dei slik, så dette var stort.

Julnes fortel at elevane verkeleg har stått på for å halde koken i turneringa, som held eit svært høgt nivå. I tillegg har det vore opptil 27 grader i Delft og nærare 50 pluss inne i hallen der turneringa har foregått.

- Dei har vore oppe klokka seks kvar morgon og tilbake på hotellet i 22.30-tida, så dei har stått på. I morgon (søndag) skal dei få ligge frampå litt, og så pakkar vi og dreg til Amsterdam. Då går turen over til å vere klassetur, fortel ho.

Ein kjempefornøgd gjeng frå Aukra som vann den nye ”Friendship Award” under FLLOEC-turneringa i Delft i Nederland laurdag. – Dei er kjempestolt over at dei andre laga meinte dei fortente denne prisen, fortel kontaktlærar Mari Lotte Julnes. Foto: www.hjernekraft.org

På forsiden nå

Vil vurdere ny MFK-kontrakt

Daniel Berg Hestad (36) kan komme til å forlenge karrieren hvis han får tilbud om ny kontrakt med Molde. Les mer

St. Olav får "sporhund" mot kreft

PET-skanner heter den, og sporer opp kreft der andre maskiner ikke finner den. Nå forbereder Helse Midt å kjøpe sin første. Også Molde får gevinst i investeringslotteriet. Les mer

Ferja går igjen i Ytre

Rute 32 går nå som normalt igjen. Les mer

Hodeskader etter tunnelulykke

Onsdag ettermiddag måtte Måndalstunnelsen stenge etter møteulykke, og én ble sendt til sjukehus med helikopter. Les mer

Norah Jones til Moldejazz

"Tiårets viktigste jazzartist" på Romsdalsmuseet fredagen i jazzuka. Les mer 5 kommentarer