Politiet ønskjer tips etter at utanlandske seljarar har tilbydd verkty og aggregat i Isfjorden, Eidsvågen, Sunndalen og i Vestnes.
Endret: 12.08.2010 kl. 16:02
Onsdag ettermiddag fekk politiet inn meldingar frå fleire stader i distriktet om ulovleg sal frå irskregistrerte bilar.
– Både i Isfjorden, i Eidsvågen og i Sunndalen er folk blitt tilbydd å kjøpe verkty og aggregat svært billig. Seljarane opererer frå ein Volvo stasjonsvogn og ein Renault kassebil, opplyser operasjonsleiar Jan Erik Kjelle ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Han vil åtvare folk mot å handle dei frambydde varene, som sannsynlegvis er tjuvegods. Politiet ønskjer også tips om dei skulle dukke opp igjen.
Også i Vestnes var det tilsvarande episodar på Daugstad og Vikebukt onsdag ettermiddag, opplyser politiet i Ålesund. Politiet vil gjerne ha tips for å komme i kontakt med seljarane.
