Takka med folkedans

Det svinga då Ola Gjendem fekk fylkeskulturprisen.
Kultur

Det svinga skikkeleg under opninga av fylkestinget i Geiranger måndag, då Ola Gjendem frå Molde mottok fylkeskulturprisen 2012. Han hadde nemleg invitert med seg tre unge folkemusikarar  som skapte liv og stemning.

Ola Gjendem (63) får prisen for sitt mangeårige og allsidige kulturarbeid. Kristin Sørheim, leiar i Kultur- og folkehelseutvalet, understreka dei mange rollene Ola Gjendem har og har hatt i kulturlivet i Molde. Det går både på litteratur, folkemusikk og lokalhistorie.

- Ola Gjendem har eit voldsomt sterkt engasjememt. Han er rask, målretta og kreativ i arbeidet med å få kultur ut til folket, sa Kristin Sørheim i sin tale.

Ola Gjendem stilte på fylkestinget saman med kona Birgit og dattera Anna Liv. For heile familien vart dette ein stor dag. Det er forresten ikkje første kulturprisen til familien Gjendem. Far til Ola, Anders Gjendem, fekk prisen i 1979 saman med Otto Kikkan Sættem og Kalla Skrøvseth. Ola Gjendem vart prisvinnar nummer 55 i rekka.

Prisen består av eit diplom og ein sjekk på 50.000 kroner.

- Pengane skal brukast  på bymuseet, dei kjem godt med, smiler Ola Gjendem.