Hoem opprørt over Amelie-saka

- Om ikkje skaden blir retta opp, vil den 12. januar 2011 bli ståande som ein skammeleg merkedag, seier Edvard Hoem.
(Foto: ERIK BIRKELAND)

Foto: ERIK BIRKELAND

I kronikken "Farvel til Frihetens forpost" karakteriserer Bjørnsonbiograf og medlem av Bjørnsonfestivalens programråd, Edvard Hoem, aksjonen mot Maria Amelie som motbydeleg:

- Med arrestasjonen av Maria Amelie på Lillehammer innleier politiet og utlendingenemnda ein ny offensiv i kampen mot ulovleg innvandring ved å kaste ein ung jente ut av landet utan at saka hennar er prøvd for domstolen. Rettstryggleiken i Norge er av politikarane lagt i hendene på byråkratiet og politiet, noko som er i strid med vår demokratiske tradisjon dei siste hundre åra.

Det som gjer aksjonen mot Maria Amelie enda meir motbydeleg, er at den open-bert er ein del av eit politiske resonnement. No skal den raudgrøne regjeringa vise at den ikkje er laus i klypa, og dermed hindre at Fremskrittspartiet kan halde fram med å score veljargevinst på kampanjen mot innvandrarar av alle kategoriar. Arrestasjonen er av politisk karakter, og Maria Amelie er så lenge ho er her i landet, ein politisk fange. Det er på tide å be alle rettenkande menneske å vakne opp og ta innover seg det som skjer.

Det regelverket som her blir brukt utan rimeleg skjønn, og utan at tvilen kjem tiltalte til gode, er i strid med universale menneskerettar og med barns universelle rettar fordi Maria Amelie var mindreårig da det eventuelle brotsverket fann stad og ikkje kan lastast for at foreldra hennar tok seg papirlaust inn i landet.

Det er det mest elementære av alle rettsprinsipp at ingen skal straffast for brotsverk som er gjort av andre.
At Maria Amelie ikkje har innretta seg etter utvisningsvedtaket, men bede om ei sjølvstendig rettsleg prøving før ho forlet landet, er eit krav om ein rimeleg ankerett for eit menneske som på grunn av den tida som er gått, i alle fornuftige samanhengar er ein integrert borgar av Norge.

Det endelege utvisingsvedtaket er gjort på sviktande grunnlag og politiets aksjon er ein skremmande og uhyrleg overreaksjon mot eit menneske som ikkje har gjort noko forsøk på å gøyme seg bort.
Derfor stokk det i underskrivne da eg klokka 0600 i går høyrde meldinga om politkasjonen på Lillehammer. I dei tidlege dagsnyttsendingane i går forsvarte ein statssekretær i justisdepartmentet utvisinga med at det måtte vera likskap for lova, og at Maria Amelie derfor måtte ut.

Dette er kadaverjus og i strid med all humanistisk rettstenkning.
Maria Amelie kom til Norge med foreldra sine da ho var tolv år gammal. Ho har levd i dette landet i meir enn ti år, og er knapt til å skilja frå andre unge norske kvinner, har lært seg språket og blitt integrert i det norske samfunnet.

At ho skriv bok om sin papirlause status og held foredrag på Nansenskolen, vitnar om at ho er inspirert av den gjengse myten om Norge som eit humant og rettferdig samfunn, der borgarane har rettstryggleik og ikkje blir utsett for vilkårlege politikasjonar.
I dag lyder songen Frihetens forpost, som vi song på AUF-møte i min tidlege ungdom skjerande falsk. Den songen kan ikkje lenger syngast verken på 1. mai eller nokon annan dag i året.

Den raudgrøne regjeringa kan ikkje basere si framtid på ei glideflukt i forhold til fundamentale humanistiske idear. No må det radikale og demokratiske Norge koma på føtene snart og ta opp kampen for det vi har kjært.
Det er ein ideologisk kamp som står på dagorden, og utan den er det vanskeleg å sjå at det Norge vi kjenner i dag, som eit samfunn med rettstryggleik basert på menneskerettar, kan bli ståande. Spørsmålet er om Norge skal forvandlast til ein småleg og provinsielt land der ingen perspektiv når ut over den snevre eigeninteressa, eller om vi skal gli ned i den store likesæla bak festung Europas murar.

Da statssekretæren på radioen vart spurt om kvifor ikkje Norge kan gi dei papirlause som har vore lenge i landet amnesti, slik som andre europeiske land har gjort, svarte han at vi har ikkje bruk for det, sidan vi ikkje har noko illegalt arbeidsmarked som tilseier eit slikt politisk grep.

Det viser enda ein gong at det er innanrikspolitiske vurderingar som førte til politiaksjonen på Lillehammer den 12. januar 2011, ein skammeleg dag i norsk moderne historie, skriv Edvard Hoem.

Les meir om Amelie-saka i Romsdals Budstikke laurdag, mellom anna intervju med Henning Mankell.

Les også:
Vil ikke si når Amelie sendes ut
Amelie invitert til Bjørnsonfestivalen

Siste nyheter

– Vi må spisse undervisningen mer

Rektor tror streiken vil gjøre skolen mer målrettet.

Bekymret for Ukraina og Russland?

INNSIKT: Du forstår trolig mer av konflikten enn de fleste etter å ha lest det som et fullsatt Storyville fikk høre lørdag.

Fornøyd festivalsjef

Men lærerstreiken har skapt utfordringer for årets Bjørnsonfestival.

Den farlige og usunne maten

Sterkt og tankevekkende om nordmenns matvaner og norsk matproduksjon.

Linda viser alt ho kan

Linda Eide tok fredag kveld ein lyngjennomgang på noregshistoria sidan Grunnlova. Like mykje var dette ein demonstrasjon av alt ho kan.

– Flere kjører omveg om Bud

Eide tar opp Nasjonal turistvegskilting nok en gang.

– Vi må spisse undervisningen mer

Rektor tror streiken vil gjøre skolen mer målrettet.