Endret: 16.07.2010 kl. 21:53
Molde: - For eit år sidan fekk vi breva Lars Stavig sendte frå Amerika til sin bror Knut i Fræna, av Knuts barneborn Kåre Stavik. No har vi fått breva som vart sendt den andre vegen over Atlanteren. Det er heilt unikt å få ei slik totalpakke, der vi ser heile korrespondansen mellom Noreg og Amerika, seier konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet.
Han kan fortelje at det er sjeldan brev sendt frå Noreg er bevart.
- Dette er den største samlinga ein har i noregssamanheng. Det er ikkje tilsvarande samlingar i andre arkiv eller museum. Vi sit derfor på ei unik samling.
Vart funne
Etterkomarane etter emigranten Lars Stavig har lenge hatt kjennskap til brevvekslinga, men det var ikkje før tidlegare i år at dei originale breva dukka opp, medan det vart rydda opp i eit dødsbu.
- Vi lurte lenge på om vi skulle behalde breva i USA på Stavig House Museum, eit museum som viser fram historia til typiske amerikanske emigrantar. Etter kvart fann vi ut at dei måtte få vere i landet der Lars og Knut vaks opp, der breva som begge skreiv kunne vere saman, fortel Jane Rasmussen.
Ho er etterkommar etter Lars Stavig og har kome til Noreg med familien for å overrekke breva til museet. No ser ho fram til eit vidare samarbeid mellom dei to musea.
- Det er viktig at familiehistoria vert fortalt og tatt vare på.
Skal forskast på
No skal originalbreva skannast og digitaliserast.
- På den måten ligg alt til rette for vidare forskingsarbeid, både lokalt i Romsdal og for andre som er opptekne av utvandringshistoria. For Romsdalsmuseet er dette ei usedvanleg interessant museumsgåve. Breva seier mykje om lokalhistoria i Fræna. Brørne skreiv både laust og fast om livet, og rapporterte om oppgangstider, fødslar og dødsfall.
