Den eine har vore med på UKM (Ung Kultur Møtes) ein gong før, dei to andre var «ferskingar», trass i at dei var blant dei eldste deltakarane. Og gutane i bandet Hollow veit kva dei øver mot: - Vi ønsker å drive med musikk på fulltid ein gong i framtida, avslører dei.

Med 30 unge artistar på podiet og eit alderssprang frå 10 til 18 år, var det eit variert program som vart presentert under årets lokale UKM-arrangement i Aukra laurdag. Og gutane i søskenbarn-bandet Hollow, som blei starta i sommar, er målretta:

- Vi har gått på Aukra Kulturskole sidan vi var i 3. eller 4.klasse. Då vi var ferdige der, fekk faren til Noah oss inn på Aukra Musikkverkstad og no øver vi 2-3 gongar i veka, fortel søskenbarna Adrian Dale Solem (17), Severin Nautnes Dale (17) og Noah Dale Stavik (17).

Ferskingar

Årets UKM i Aukra var den første for to av bandmedlemmene:

- Vi elskar å spele musikk og har god kjemi når vi speler i lag. Vi håper vi kjem vidare og ta musikken vår til fylkesmønstringa i Stordal – og gjerne enda lengre. Målet er å drive med musikk på heiltid ein gong i framtida, fortel dei tre rocke-talenta.

- På UKM framførte vi ein eigenprodusert låt og vi planlegg å lage meir eige stoff etterkvart, fortel dei.

Publikum stemmer

Det var store breidde i programmet under årets UKM Aukra, frå kule dansarar til vakker sang, frå drivande rock til kunstuttrykk på lerret og i bok – det heile sydd saman av dyktige teater-elevar ved kulturskolen.

Berre halvparten av dei åtte innslaga kan gå vidare til Fylkesmønstringa i Stordal 27.-29. april, grunna aldergrensa. For å delta der, må ein vere mellom 13 og 18 år. Med i Aukra har ein funne sin eigen vri, slik at dei som er yngre kan synes det er kjekt å vere med:

- Vi har ein Publikumspris, der publikum i salen kan vere med å stemme på sin favoritt. På den måten blir det jo litt moro for yngre deltakarar å vere med også, meiner ungdomsarbeidar i Aukra kommune, Lene Marita Ræstad.

Avgjerast neste veke

Juryen, beståande av Guro Solem Bjørke, Ivan Larsen, Kjellaug Urdshals og Anette Løken, har litt tid på å bestemme kven som skal sendast vidare til Stordal i april. Både avgjerda deira og Publikumsprisen vert annonser på Aukra Kommune sine nettsider, samt UKM sine nettsider i løpet av neste veke.