Den Blå Timen på Sandøya har utvikla seg til noko meir enn ein kyrkjekonsert. Den har vorte ein treffstad for utveksling av nyhende slik kyrkjebakken var i tidlegare tider.

Signe Torill Eikrem og Sandøy Vel har klart å mangedoble innbyggartalet på Sandøya seks år på rad på olsokdagen. Frå alle kantar med ferje og båtar elles har det vorte reine folkevandringa til den vesle åttekanta kyrkja.

– Det er 30 fastbuande på øya, men denne dagen er det om lag 300 her, seier Eikrem.

Frode Alnæs er hovedartist, medan dei lokale aktørane er Elise Sandøy Skarstein (Euphonium), Torill Norum (piano), Robert Coates (kyrkjeorgel), Signe Torill Eikrem og Janne Torill Sandøy (song). Det er satt av tid for øyvandring, besøk til Ann Oddny Nautnes sin kunstutstilling og ein får også smake på diverse kvalprodukter.

Programmet er tilpassa ferjeavgangane frå Småge kl. 13.40 og frå Finnøya kl. 14.45. Billettsal ved dørene kr. 200,-.

Det er 30 fastbuande på øya, men denne dagen er det om lag 300 her, sier Signe Torill Eikrem i Sandøy Vel. Foto: Silje Sandøy