Sandøy folkebibliotek får 14.000 kroner i støtte til «Hei det er meg!», som er forfattarbesøk av Nina Grøntvedt for 1.-7. trinn. I etterkant eit skrivekurs for born med innleidd rettleiar.

Midsund bibliotek får 13.000 kroner til sin «Bokkafe» som er i samarbeid med Midsund Frivilligsentral.

– Som ein del av Handlingsprogram for kultur 2017, har Møre og Romsdal fylkeskommune satt av 200 000 kroner som folkebiblioteka kan søke om. Formålet med arrangementstøtta er å medverke til å utvikle biblioteka som arena for aktivitet, debatt, foredrag og samtale innan kultur- og samfunnsliv. Ved utgang av søknadsfristen, var det kome inn tolv søknadar, og ti av desse vart innvilga, skriv fylkesbiblioteksjef Annette Koch i ei pressemelding.