På fylkesmønstringa i Midsund sist helg var det i underkant av 400 ungdommar mellom 13 – 20 år frå heile fylket. Midsundhallen var hovudarenaen for seks konsertar på til saman ti timar, samt ei utstilling med 55 kunstobjekt. Fylkesmønstringa blei arrangert av Møre og Romsdal musikkråd, i samarbeid med Midsund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune fylkesdelen av UKM (Ung Kultur Møtes). No er uttaket klart.

Ikkje ein lett jobb

– Fagpanelet har ikkje hatt noko lett jobb med å velje ut kven som får tilbod om å representere Møre og Romsdal på UKM festivalen i Sandnes 21.- 25 juni, skriv kulturavdelinga ved Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Åll Tålk frå Molde vidare

Berre seks sceneinnslag er tatt ut til landsfestivalen. Eit av dei kjem frå Molde, nemleg gruppa Åll Tålk. I bandet spelar Asgeir Antonsen, Elias Skeidsvoll, Erlend Solemdal, Herman Mjåseth, Håvard Svergja, Marte Rakvåg Roald, Sander Lerøen, Torill Aas Nøst og Sigurd Bjerkeland, og dei er tatt ut med innslaget "Dang". Dei andre innslaga kjem frå kommunane Averøy, Aure, Sunndal, Kristiansund og Sande. Det er óg tatt ut tre kunstinnslag, desse kjem frå Ålesund, Smøla og Giske.

Bandet Dreadnought frå Vestnes med Adrian Runde,  Andreas Hansen, Markus Olsen, Martin Midtsæter og Vidar Longva står på ei reserveliste dersom nokon ikkje har høve til å reise på festivalen. Det gjør óg musikkgruppa Ihne og Ivan frå Aukra, der Ihne Hunnes og Ivan Larsen er med.

Sjå heile uttaket her.