Med sang, musikk og dans framført av barn frå 10 forskjellige nasjonar fekk ein fullsett sal på Soltun oppleve ein tettpakka time med musikalsk kulturmix på scena søndag ettermiddag. Somaliske godnattsangar blanda med norske bånsullar, polske ballader i tospråkleg drakt, tøff hip hop-dans med karakte-fakter, islandsk folkesang og thailandsk pop – ei fargerik og internasjonal musikkoppleving slik berre Fleire Fargar og integrerings-konseptet Fargespell kan vere.

Med eit solid tonefølge beståande av garva band-musikarar og kulturskolelærarar, framførte barna sang og dans der materiale var henta frå barna heimlanda deira og kryssa i ord og tonar.

Starta i haust

Aukra kulturskole starta førebuinga til årets forestilling ved skolestart i haust. Saman med Gossen barne- og ungdomsskole har dei invitert barn og unge frå ei rekke nasjonar til å bidra til årets forestilling. Øvingane har foregått i utvalde friminutt på barne og ungdomsskolen.

- Vi har blitt kjent med barna på kulturskolen og i tett samarbeide med skolen på Gossen. Mange melde seg på og andre blei invitert med inn – etterkvart såg vi kven som var verkeleg interessert, og dei stod her i dag, fortel regissør Karin Skjetne, som saman med kulturskolelærar Miriam Venås og kulturskolerektor Malin Solberg har stått i bresjen for årets forestilling.

- I dialog med barna har vi plukka ut sang og musikk frå heimelanda deira og kryssa desse med norsk musikk. Barna har kome med innspel heile vegen, og vore viktige bidragsytarar. Målet vårt har vore at dei skal frå oppleve fellesskap, samhald og samarbeid – no kan dei trygt seie dei høyrer til i Fleire fargar-familien, seier Skjetne.

Innslag frå forestillinga vil dukke opp i forenkla utgåve som kulturinnslag på Soltun i løpet av Internasjonal veke på Gossen dei komande dagane.