Musikanmelder May H. Reiten fra Fræna anmeldte konserten på Colorline minutt for minutt for Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke.

Det var tett mellom de høye karakterene - men også noen nedturen innimellom. Her er dommen fra konserten på Colorline stadion som samlet 17000 tilskuere på årets siste junikveld.

Funeral for a Friend/Love Lies Bleeding

Det ultimate opningsnummeret! Ein skulle tru publikum vart blåst overende av det trykket som kjem frå scena no. Idet Elton kjem inn -akkompagnert av dei djupare orgeltonane- reiser håra seg i nakken, og når songen går over i Love Lies Bleeding er feststemninga sikra.

Terningkast: 5

The Bitch Is Back

Elton held tempoet oppe med ein av dei mest rocka songane sine. Gitarane og pianospelet er like skarpe som alltid, men vokalen druknar innimellom litt i levenet. Ein knallgod improvisert pianosolo  og sterke publikumsfrieri veg noko opp for dette, men samanlikna med førgåande song blir dette ein aldri så liten nedtur.

Terningkast: 4

Bennie and the Jets

Det skal ikkje meir enn éin tone til før alle veit kva song vi har i vente. Dette er nok ein song mange har gledd seg til å høyre, og det merkas på reaksjonen til publikum. Songen blir feilfritt levert og det er herleg å høyre det seige riffet dundre frå høgtalarane. Stemninga blir ikkje dårlegare av allsong og nye fantastiske pianosoloar.

Terningkast: 5

I Guess That’s Why They Call It the Blues

Kveldens første 80-talsslager byr på visse utfordringar. Igjen druknar vokalen delvis, og noko av formidlinga av kjenslene i songen går tapt. Til og med munnspelsoloen (spelt av Stevie Wonder på studioversjonen) mistar noko av glansen. Det hjelp heller ikkje at den avsluttande linja blir dradd ut i det lengste.

Terningkast: 3

Daniel

Ein av dei mindre spelte sangane i årets turné, men dette er ein av Eltons eigne favorittar. Det merkas på framføringa. Det er tydeleg at både han og bandet kosar seg med denne songen, og sjølv om harmoniane ikkje alltid heilt treff slik dei skal, er Eltons vokal meir treffsikker her enn på dei førgåande songane.

Terningkast: 4

Looking Up

Endeleg ein song frå det nyaste albumet! Denne songen er som skapt for liveopptredenar og han lever opp til forventingane. Fleire i publikum grip sjansen til å danse med, det er lett å skjønne kvifor. Bandet formidlar ei slik glede i denne songen at ein må tru heile stadion kosar seg akkurat no. Framføringa er riktig nok litt stressa, samanlikna med studioversjonen, men det gjer ikkje det slag når alt blir levert klokkereint.

Terningkast: 5

A Good Heart

Både Elton og songtekstforfattar Berne Taupin har små born i hus. Det har inspirert denne songen om nære band. Som livenummer blir han dessverre litt tam, i det bandet mistar litt av det momentumet dei bygde seg opp under førre song. Stemmebruken er likevel upåklageleg. Versa blir leverte med ein forsiktig, øm tone, medan meir kraft blir brukt i refrenget. Dette passar songen perfekt.

Terningkast: 4

Philadelphia Freedom

Det er på tide med ein gamal slager igjen. Her viser Elton si funky side, med ein av dei seigaste, kulaste melodiane han har å by på. Gitarist Davey Johnstone er med på å sikre at denne går rett heim med treffsikre gitardriv etter kvart refreng. Ein saknar kanskje litt strykarane ein er vand med å høyre i songen, men det skjer nok i dette nummeret til at saknet ikkje blir for stort.

Terningkast: 5

Rocket Man (I Think It’s Gonna Be A Long, Long Time)

I ein av signatursongane sine får Elton John verkeleg vise kva han er god for. Dette er heilt klart ein heimefavoritt og det ser ut til at reaksjonane frå publikum blir sett pris på av gjengen på scena. Denne framføringa er det ingenting å utsetje på. Harmoniane er feilfrie og alle instrumenta får sin sjanse til å skine. Sterkast skin likevel pianoet. Elton leverar ein så nydeleg pianosolo at ein skulle ønske han varte enno lengre enn dei nesten to minutta han gjer.

Terningkast: 6

Tiny Dancer

Ein av verdas finaste songar. Frysningane er sikra allereie etter første linje og blir stadig sterkare gjennom heile songen. Sjølv om versa godt kunne ha vore framført litt varare, er refrenga så kraftfullt formidla at ein kan tilgi det meste.

Terningkast: 5

Levon

Ei skjult perle frå 1971s «Madman Across the Water». Songen har vore eit meir eller mindre fast innslag i Elton sine setlister dei siste ti åra, med ulike arrangement. Kveldens framføring er noko nærmare studioversjonen enn det tidlegare versjonar har vore, med unntak av den gospelprega uttoninga. Dessverre forsvinn vokalen litt igjen. Det betrar seg i løpet av songen, men spesielt første vers sin vokal druknar nesten fullstendig i bass, gitar og piano. Det delvis improviserte samspelet mellom nemnde instrument i siste del av songen er likevel såppass sterk at heilheitsinntrykket blir positivt.

Terningkast: 4

Goodbye Yellow Brick Road

Det merkas at Elton dreg på åra, ikkje alle tonane er like klokkeklare som dei ein gong var. Heldigvis får han framleis fram dei sterke kjenslene som bur i denne låta. Opningslinjene blir sunge akkurat passe forsiktig, nesten engsteleg, før styrken og sjølvtilliten får regjere i refrenget. Alt i alt er dette ei nydeleg framføring.

Terningkast: 5

Have Mercy on the Criminal

Eit nydeleg deep-cut frå «Don’t Shoot Me, I’m Only the Piano Player». Det er lenge sidan sist denne fekk vere med på setlistene, men no håpar eg han blir eit fast innslag i nokre år. Låta passar nesten betre til den mørke stemma han har i dag enn den langt lysare stemma han hadde då songen vart spelt inn i 1973. Hoggande trommer frå Nigel Olsson og ein sylskarp gitarsolo frå Davey Johnstone (begge var med på originalinnspelinga) sikrar songen status som eit høgdepunkt denne kvelden.

Terningkast: 6

Sorry Seems to Be the Hardest Word

Ein kan spørje seg kor godt ein så hjarteskjerande song gjer seg som livenummer, ikkje minst når flesteparten i publikum er her for å feste og ha det kjekt. Framføringa er likevel sterk og går i alle fall rett heim til underteikna. Det merkas at Elton legg kjenslene sine i det han syng, og her er forholdet mellom vokal og instrument perfekt.

Terningkast: 5

Your Song

Han måtte jo med, songen som starta alt. Denne songen fungerer best når han blir framført slik som i kveld; Elton åleine med piano gjennom første vers, før bandet slenger seg på i andreverset. Det kjennes både sårbart og nært, sjølv om om lag heile stadion for lengst har byrja å synge med.

Terningkast: 5

Burn Down the Mission

Ein lite kjend song frå eit lite kjend album (1970s «Tumbleweed Connection»), men han fortener meir merksemd. Oppbygnaden er komplisert, med krasse tempobytte, og akkurat når publikum har byrja å reise seg for å klappe og gynge med, går songen tilbake i rolege tonar. Kanskje har årets norske melodi grand prix-bidrag gjort kveldens publikum betre rusta til å takle desse temposkifta enn andre publikummarar, for her ser i alle fall songen til å falle i smak. Dixie-tonane i slutten av låta er ei sann glede å høyre på og framføringa er i det heile ei gledeleg overrasking.

Terningkast: 5

Sad Songs (Say So Much)

Det var på tide med eit lettare tilgjengeleg nummer, då passar det godt med 1984s største Elton-hit. Allsangfaktoren er høg, og fleire er oppe og dansar. Det er likevel noko som skortar. Det er nesten som tempoet sakkar av etter kvart og songen blir litt seigare enn det nok var meininga han skulle vere.

Terningkast: 4

Blue Wonderful

Eit av få spor på «Wonderful Crazy Night» som held ei rolegare takt. Kanskje kom denne songen på litt feil tidspunkt, for det ser ut til at Elton slit med å halde på publikum i dette nummeret. Kanskje er inntrykket mitt av framføringa prega av at det no er mykje meir uro i salen enn før, men det er liksom noko som skurrar litt i formidlinga her. Elton virkar ikkje like skjerpa som han var under kveldens andre nummer, trass i at dette er ein av yndlingssongane hans på det nye albumet.

Terningkast: 3

Don’t Let the Sun Go Down on Me

Endeleg ei skikkeleg kraftballade! Etter å ha takka publikum for støtta og introdusert bandet har Elton tilskodarane i si hule hand igjen. Framføringa er feilfri, med perfekt balanse mellom styrke og ro og eit herleg sterkt crescendo mot slutten.

Terningkast: 6

I’m Still Standing

Stemninga når taket under framføringa av denne 80-talsklassikaren. Alt stemmer. Nesten. Pianoet får dominere songen, mens Davey Johnstone sin gitarsolo knapt kan høyras. Likevel er dette  heilt klart den beste av kveldens tre 80-talshits.

Terningkast: 5

Your Sister Can’t Twist (But She Can Rock ’n Roll)

Så er vi tilbake på “Goodbye Yellow Brick Road”, med det som kanskje er Eltons mest up-tempo song. Men her har det skjedd noko. No er det Eltons vokal som knapt kan bli høyrt igjen. Det gjer at låta nesten blir opplevd som masande. Det er til og med vanskeleg å høyre pianoet til tider.

Terningkast: 3

Saturday Night’s Alright for Fighting

Det har alltid ergra meg at denne songen kjem etter «Your Sister Can’t Twist» på «Goodbye Yellow Brick Road». Eigentleg er jo dette ein rask rockar med hardt driv, men når han kjem hakk i hel på «Your Sister Can’t Twist» blir han meir som ein liten nedtur. Dette har Elton og bandet gjort noko med i livesettet sitt, for her er tempoet skrudd opp tre hakk frå studioversjonen. No kan han følgje kva song som helst. Det skadar heller ikkje liveinntrykket at både bandet og publikum kosar seg så openbart. Dette nummeret er rett og slett skikkeleg artig!

Terningkast: 5

Candle in the Wind

Elton Johns ode til Marilyn Monroe (tekst skriven av Bernie Taupin) var overraskande nok ikkje med på setlista hans sist han var i Noreg. Det måtte eit ekstranummer til for at han skulle bli med denne gongen. Han går rett heim på Color Line Stadion. Dette er likevel ikkje den beste framføringa Elton har gjort av denne songen. Det blir noko nølande i starten og midtveis, men avslutninga sit som alltid.

Terningkast: 4

Crocodile Rock

Vi avsluttar med eit pang! Her skal alle danse og ta ut siste rest av energi før vi dreg heim, og stemninga har nådd eit nytt toppunkt. Han ser ut til å gi alt han har igjen sjølv også. Han vekslar mellom rolla som pianorockar og allsangdirigent og greier samtidig å halde stemma si klokkeklar. Det er no han viser kor stor ein showman han verkeleg er.

Terningkast: 6