Laurdag gjekk ho vidare til UKM si fylkefinale med bandet sitt, og attpå til blei ho kåra til vinnar av Ungdommens Kulturpris i Aukra. Kirsty Clapperton (16) er eit namn for framtida.

I genene

Få har vel så mykje musikk i genene som unge Kirsty Clapperton, vinnar av Ungdommens Kulturpris i Aukra. Med ein far som er komponist og pianist (James), og mor (Sharleen) som er fiolinist og musikkskolelærar, fekk ho musikken inn med morsmelka, og har som elev ved Molde vidergående skole fortsatt skoleringa innan musikken.

Gjekk vidare

Laurdag deltok ho i to band under årets UKM i Aukra, og gjekk vidare med det eine, Caged Angels, der ho mellom anna spelar bassgitar og skriv tekstar til musikken dei framfører. På slutten av forestillinga vart Ungdommens kulturpris delt ut av banksjef Barbro Mork Emblem i Sparebanken Møre, Aukra.

- Eg er veldig overraska og kjempeglad, fortalde ei litt beskjeden Kirsty Clapperton om prisen, pålydande 10.000 kroner, som blir gitt av Sparebanken Møre og Aukra kommune.

Høgt nivå

Nivået var høgt blant dei 10 innslaga under årets UKM i Aukra. Gjengangarar som SIG og Caged Angels gjekk glatt vidare til fylkefinalen, som blir halden i Aukra 15. – 17. april.

Også brødrene Finn og Max Øverland, som framfører eigenkomponert musikk på bassgitar og trommer, gjekk vidare, saman med bilde-serien «Min bror bjørnen», eit uttrykk i akvarell og penn av Lina Leren.

Publikum fekk også anledning til å stemme fram sin favoritt, og denne kvelden var det 11-åringane Kine Sporsem og Sara Løvik som stakk av med seieren, for framføringa av Ellie Goulding sin «How long will I love you».