Gossing/Midsunding Johanna Kirkeland håpte å gå til topps i Idol for to år sidan. Ho kom heilt til topp 40, og fekk med seg den første live-samlinga, før det bar heim. Sidan den gong har sangfuglen sett seg nye mål.

- Det var kjempeartig å vere med i Idol, men eg kunne ikkje tenkt meg ei ny runde. Då måtte det heller blitt The Voice, der fokus er på stemma, ikkje alt det andre, seier ho.

Mange oppdrag

Romsdals Budstikke møter det unge talentet på Soltun på Gossen, like før ho skal opptre for full sal under årets «Sjimingstime», i regi av Horrem og Nyjord grendalag. Med seg har ho pappa Knut Magne Kirkeland (sjåfør) og Jon Reitan, som akkompagnerer henne denne ettermiddagen.

- Eg har mange slike mindre oppdrag, slik som bryllup og tilstelningar, og kan spørre Jon om akkompagnement om eg treng det. Og så syng eg av og til med bandet til onkel Fred Anton (Jenset), Red Label. Det er kjekt å ha slike oppgåver å sjå fram til. Då har eg ein grunn til å øve og halde meg motivert, seier ho.

Sparer pengar

Etter eit par rundar innom musikklinja på vidaregåande skolar i Lyngdal, der mamma Jeanette Kårstein Seland bor, og Kristiansand, valde Johanna å flytte heim til pappa Knut Magne i Midsund. Der jobbar ho på Coop Prix Midsund, medan ho legg planer for framtida.

- Eg har lyst å søke på elektriker-linja til hausten, og bli elektriker slik som pappa. Samtidig sparer eg så eg kan søke på LIPA (Liverpool Institute of Performing Arts) – det er den store draumen, men det går veldig seint å spare, så det kan ta litt tid, innrømmer ho.

I bakgrunnen smiler pappa Knut Magne og kviskrar:

- Eg skal nok hjelpe til litt på vegen..

I mellomtida skal Johanna sjølv leite etter talent, som dommar under årets UKM i Midsund komande helg.

- Det gler eg meg veldig til, smiler ho.

- Det var veldig kjekt å bli spurt.