Elvevandring langs Raumaelva med Arne Skiri som gaid.

Elvevandring med Arne Skiri

Kvitskummande Rauma. Høge fjell og steinar så store som hus. Vill natur og spanande kulturlandskap.

Dette er noko av det du kan oppleve på elvevandring med Arne Skiri. Kortreist var med på turen onsdag kveld denne veka saman med om lag 30 andre vandrarar. Arne Skiri møtte oss på tunet på heimegarden sin, der slekta hans har budd sidan 1500-talet.

- Elvevandringa starta med at eg skulle finne på noko til 50-årsdagen min. Sidan då har dette vore eit populært arrangement i 15 år, seier Arne Skiri

Før vi startar turen, får vi ei forklaring på gardsnamnet:

- Skiri kjem av det norrøne ordet «skir», som tyder «rein, klar og ublanda». Dette har samanheng med den reine og klare Rauma elv som renn forbi garden.

Skog og kampesteinar

Med desse orda kryssar vi E 136 og jarnbanelinja, går over innmarka og inn i den frodige skogen ved den skire og smaragdgrøne elva.

Vandringa byr på mange stopp der Arne fortel og svarer på spørsmål:

- Då eg vaks opp her på 1950- og 60-talet var det grøne beitemarker der det no er skog og kratt. Det er ikkje meir enn rundt 40 år sidan at foreldra mine rodde over elva til sommarbeitet for å mjølke kyrne for hand. Går vi 5000 år tilbake finn vi forklaringa på dei mange store steinane som ligg strødd på innmark og utmark her oppe på Skiri. Då gjekk det ifølgje geologane eitt eller fleire store fjellskred her, seier Arne.

Han peikar på Flatmarkmannen, ei stor steinblokk oppe i den bratte fjellsida, og fortel om sprekkane oppe i fjellsida som geologane held oppsyn med. Vi grøssar og håper det blir ei stund til det neste store fjellskredet kjem.

Elv, tjern og dyreliv

Neste stopp er ved ein stor og delvis nedgrodd mur inne i skogen. Den vart bygd kring 1920 for å flytte elveløpet. Eit stor naturinngrep i samband med bygginga av Raumabanen. Eit stilleståande tjern, som står der og speglar av Kvennjagrova oppe i fjellsida, er ein rest frå elva før 1920. Den gongen var det ei øy mellom dei to elvefara, Utøyna.

Sølve Fladmark, ein gut frå Danmark med slekt og namn frå Romsdalen, ser ned i det svarte tjernet og grøssar litt når han høyrer at ungane i Arnes barndom kalla det «De dødes tjern».

Den frodige skogen langs elva er kledd med skjegglav.

- Eit godt teikn som fortel om frisk luft og lite forureining, kommenterer Arne Skiri.

Vi gjer ein stopp inne i skogen mellom store steinar.

- Her er det gode forhold for oter og grevling. Dei lagar seg hi inne i holene under steinane. Dette skal vere den største oterbiotopen i heile Romsdalen. Når eg går her om vinteren, ser eg dyrespor over alt. Hjorten trivast godt her i vinterhalvåret. Her inne i skogen er det ly for vinden og lite snø slik at det er god tilgang på blåbærlyng og anna beite, fortel Arne.

Fiske og filminnspeling

Vi held fram ned til elva der det frå gammalt av var vadestad for folk som tok seg fram til fots eller med hest gjennom dalen. Hjorten held tradisjonane oppe, og brukar framleis dei gamle kryssingspunkta for å kome seg over elva.

Ved ein gapahuk i elvekanten stoppar vi igjen, og Arne fortel at dette er ein god fiskeplass og ein stad det knyter seg mange historier til:

- Sommaren 1836 var den norske nasjonalromantiske landskapsmålaren Thomas Fearnley her, og malte bildet «Elvebredd i Romsdal». Bildet var til sals for 150.000 kroner på Blomquist for nokre år sidan. Men om bildet vart bra, var vêret dårleg den sommaren. «Vått, kaldt og regnfullt. Så elendig at til og med min medbragte tyske hvitvin smakte elendig», skal målaren ha sagt.

- Her foregikk også innspelinga av den tyske versjonen av filmen «Og bakom synger skogene» sommaren 1959. Eg skulka skolen for å sjå på filmopptaka. Ei av scenene inneheldt eit slagsmål mellom ein bjørneskyttar (Per Harvold) og ein bjørn spela av Arne Randers Heen kledd i eit gammalt bjørneskinn!

Gamlevegen og Fantehelleren

Vi held fram forbi Piggesteinen, der gjetarane sat på toppen og såg etter geiteflokkane, går den godt bevarte gamlevegen, «1869-chauséen», stikk innom Fantehelleren like ved Årstalsteinen:

- Lytt, seier Arne, lytt så kan de høyre elvebruset som ein naturens symfoni gjennom holet ...

Vi avsluttar turen ved Skoresteinen der den 400 meter lange resten av gamlevegen ender. Vi har vore med på ei vandring gjennom natur, kultur og historie som gjer at vi garantert vil stoppe og ta nye vandringar neste gong vi køyrer gjennom Romsdalen.

Mer å lese på Rbnett:
 
Skog og kampesteinar Arne Skiri har eit stort publikum når han vandrar og fortel om landskapet langs Rauma elv på Skiri midt i Romsdalen. Her har vi gjort ein stopp i eit trolsk terreng med gammal skog og store steinar. Her held oteren og grevlingen til. Om vinteren er det også mykje hjort her, fortel Arne Skiri. Vi du vite meir om kva du kan oppleve og finne her, må du bli med på elvevandring. (Foto: Bjørn Brunvoll)

Skog og kampesteinar Arne Skiri har eit stort publikum når han vandrar og fortel om landskapet langs Rauma elv på Skiri midt i Romsdalen. Her har vi gjort ein stopp i eit trolsk terreng med gammal skog og store steinar. Her held oteren og grevlingen til. Om vinteren er det også mykje hjort her, fortel Arne Skiri. Vi du vite meir om kva du kan oppleve og finne her, må du bli med på elvevandring. Foto: Bjørn Brunvoll

«De dødes tjern» Sølve Fladmark, ved tjernet som er ein rest av det gamle elveløpet frå før 1920.
(Foto: Bjørn Brunvoll)

«De dødes tjern» Sølve Fladmark, ved tjernet som er ein rest av det gamle elveløpet frå før 1920. Foto: Bjørn Brunvoll

Elvevandring Om lag 30 interesserte elvevandrarar var med på turen i det tropiske sommarvêret onsdag kveld. På Skiri viste termometeret 34 grader!
(Foto: Bjørn Brunvoll)

Elvevandring Om lag 30 interesserte elvevandrarar var med på turen i det tropiske sommarvêret onsdag kveld. På Skiri viste termometeret 34 grader! Foto: Bjørn Brunvoll

Fantehelleren Elvevandrarane får seg ei overrasking når dei går inn i hola under denne store steinen! (Foto: Bjørn Brunvoll)

Fantehelleren Elvevandrarane får seg ei overrasking når dei går inn i hola under denne store steinen! Foto: Bjørn Brunvoll

Rauma Romsdalen med Rauma elv er eitt av Norges vakraste elvelandskap. Garden Skiri ligg midt i dalen og namnet har samanheng med utsjånaden og kvaliteten på elva. Skir betyr rein og klar.
(Foto: Bjørn Brunvoll)

Rauma Romsdalen med Rauma elv er eitt av Norges vakraste elvelandskap. Garden Skiri ligg midt i dalen og namnet har samanheng med utsjånaden og kvaliteten på elva. Skir betyr rein og klar. Foto: Bjørn Brunvoll

Leses nå
 
Elvevandring
  • Kva: Ein tur langs Rauma elv på Skiri i Romsdalen med Arne Skiri som gaid og historieforteljar.
  • Kvar: Utgangspuntet for turen er garden Skiri omlag midt i Romsdalen. Stort skilt ved vegen opplyser om Elvevandring.
  • Passar for: Lett tur. Passar for alle som kan gå eit par kilometer på stiar og i terreng. Gjerne familiar med barn.
  • Påmelding: Etter avtale med Arne Skiri. Telefon: 92663048. Faste arrangement under Fjellfestivalen.
  • Pris: 150 kroner per person for grupper. Minimumspris per gruppe: 2000 kroner.
  • Nett: skiri.no

HØDD - MOLDE KLOKKEN 18.00

Krise for Molde – Hødd i ledelsen

Hødd leder 1-0 på Høddvoll.

Cupfeber ga kø-kaos

Flere Molde-supportere rakk trolig ikke kampen.