Eira-laksen har tent lidenskap i 160 år

Laksen i Eira, Siramoen Fiskevilla og Engelskhuset på Syltebø Gard har lokka sportsfiskarar sidan 1853.
Kortreist

I 1853 kjøpte engelskmannen Rovland Mucklestone garden Sira i Eresfjord av Bård Sira. Med på handelen var også ei strekning på tre kilometer på vestsida av lakseelva Eira.

Med dette begynte det moderne lakseeventyret i Eira. Det gamle lakseeventyret hadde vart i hundrevis, ja kanskje tusenvis av år. Eresfjordingane hadde opp gjennom tidene fanga store mengder laks med teiner og andre tradisjonelle reiskap, og her som i andre norske laksebygder går det historier om tenestefolk som protesterte når det vart servert laks til middag fleire gonger i veka, om laks som dyrefor og om laks som gjødsel på markane!

65 år engelske år

Med engelskmennene kom det nye tider i Eira og Eresfjord, som i så mange andre norske bygder og lakseelvar på denne tida. Laksefiske skulle vere sport, fisken skulle ikkje fangast med teiner og greip, men med spinkle fiskestenger og krokar med imiterte fluger.

Etter Mucklestone kom fleire engelske eigarar på Sira: General Seymour i 1874, Sir Montagne Guest i 1881, Sir John Heachcoat i 1891 og Sir John Chaplin i 1902, som den siste i rekkja av engelskmenn. I 1918 kom Sira igjen på norske hender då konsul Trygve Jervell frå Ålesund kjøpte garden. Sonen hans, Otto Jervell tok over i 1955. Dagens eigar, Svein Magne Myrvang, arva garden, lakseelva og Siramoen Laksevilla etter stefaren sin, Otto Jervell i 1988.

Ventetid ved Eira

Slik har det seg at eg ein maikveld står på tunet utanfor Siramoen Laksevilla saman med Svein Magne Myrvang. Rett framom oss ser vi Eira flyte forbi, innramma av solide trestammar og med grøne grasbakkar på begge sider. Verdas vakraste elv renn gjennom verdas vakraste bygd. Over oss tronar mektige fjell, Skjorta, Goksøyra, Fløtatinden, Sjøvdøla, Nebbå.

Saman med oss står laksefiskarane Ola Thue, Robert Løvik, Lars Johannessen og Frode Østby. Dei ser stadig på klokkene sine og ventar. Ventar på at klokka skal snegle seg fram til midnatt. Då, presis klokka 00.00 1. juni, startar årets laksefiske.

Veteranar i elva

Med oss er også den lokale roaren, klepparen og fiskaren Mareno Nauste. Saman med Svein Magne Myrvang har han vore gaid, roar og kleppar i Eira frå gutedagane på 1960-talet.

– Vi gjekk i lære hos far til Mareno, Håkon Nauste. Han var ein svært dyktig kleppar på Sira både før og etter krigen, fram til 1965, seier Svein Magne.

– Eg begynte å ro laksefiskarar på Eira i 1966. Først på Engelskhuset, men alt året etter flytta eg over til Siramoen, der dei franske fiskarane dominerte. Det var steinhard jobbing frå tidleg om morgonen til seint på kveld kvar dag unntatt søndag formiddag gjennom heile sesongen. Det er difor Svein Magne og eg er ungkarar. Vi brukte kvar einaste sommar gjennom heile ungdomstida på roing og klepping, kneggjar Mareno medan Svein Magne nikkar og flirer godt.

Siramoen Laksevilla

Vi får ei interessant omvising på Siramoen Laksevilla saman med Svein Magne og Mareno. Det er eit eventyr å sjå og høyre. På veggene heng måleri av laksar med nøyaktig påskrift om kven som var fiskaren, vekt, kva for ein høl, dato og årstal.

– Denne vart fiska av Einar Bjørnson, sonen til Bjørnstjerne Bjørnson, i 1919. Ein bra fisk på 33 pund, det vil seie 15,7 kg, opplyser Svein Magne.

Under taket heng gammalt fiskeutstyr. Ei engelsk flugestong av merket Hardy med ei Hardy Perfect snelle. Klenodie frå kring 1920. Mellom alle laksane ser vi gamle fotografi av fiskarar som har budd på Sira frå 1800-talet og fram til våre dagar.

Storlaksen forsvann

Då unggutane Mareno og Svein Magne begynte som roarar og klepparar midt på 1960-talet, var Eira framleis ei stor lakseelv kjent for stor laks av god kvalitet. Det skulle ikkje gå mange år før tidene endra seg dramatisk.

– Det var ei stor ulykke for Eira då dei tok Mardøla og Mardalsfossen stilna tidleg på 1970-talet. Før Mardøla var det over 2,60 meter vatn i Nyhølen utanfor Siramoen Fiskevilla. No er det 1,20 meter. Vi er heldige som fekk oppleve Eira før den siste reguleringa. No veks det gras og skog der vi rodde laksefiskarar for 40–50 år sidan, seier Svein Magne.

– Storlaksen forsvann og talet på fisk gjekk dramatisk ned. Det er først etter at dei dyktige folka ved det lokale settefiskanlegget kom fram til gode metodar for utsetjing av smolt, at elva igjen har fått ein brukbar laksebestand. Dagens situasjon er at 65–70 prosent av laksen som blir fiska i Eira, kjem frå Settefiskanlegget i Eresfjord. Det hadde blitt magre tider om vi måtte nøye oss med det elva produserer, seier Mareno.

Engelskhuset

Den andre store og tradisjonsrike staden for laksefiskarar i Eresfjord er Engelskhuset ved Syltebø Gard. Der møter vi eigaren Torvald M. Jørstad.

– Syltebø var statleg eigedom og i bruk som militærforlegning på 1600-talet. Då Setnesmoen overtok som militærforlegning i 1825, kjøpte gausdalingen Andreas Jørstad garden. Sidan då har garden vore i privat eige, og laksefiske med utleige av fiskerett og innlosjering av laksefiskarar vart snart ei viktig attåtnæring.

– Engelskhuset stod ferdig i 1863, og frå første stund vart dette ein populær stad for engelske laksefiskarar. Internasjonale storfolk som Prinsen av Wales har vore mellom gjestene. Frå 1940-åra til 1979 leigde skipsreiar Thor Thoresen husa og fiskeretten. Etter 1979 er det eg om familien min som har stått for utleige og drift, seier Torvald M. Jørstad.

Også på Engelskhuset er veggene full av historisk materiale som fortel om laksefiske og laksefiskarar opp gjennom tidene. Her som på Siramoen blir det understreka at kundane får noko meir i tillegg til ein laks eller to:

– Dei som kjem hit får ei oppleving av naturen og kulturen. Det er minst like verdifullt som fisken, seier Torvald.

Eira Flyfishing

Siramoen og Engelskhuset har fiskerett på ein stor del av nedre del av Eira. Resten har i mange år vore oppdelt på mange små eigarar, og har vore lite brukt til fiske. Det blir det ei endring på i år. Eira Flyfishing har laga avtaler med mange eigarar, og tilbyr fiskekort på ein stor del av øvre elv frå Skulebrua til Eikesdalsvatnet.

– Folk kan fiske ei strekning på 4 kilometer elv på det same fiskekortet. Kortsalet er i gang, og vi har fått god respons. Dette er ein sjanse for folk flest å få fiske laks i denne flotte elva. Avtalen er eit prøveprosjekt, men vi har som mål å få ein langsiktig avtale til fordel både for fiskarar og elveeigarar, seier ein av dei som står bak Eira Flyfishing, Helge Dahlen.

Årets første

Korleis gjekk det så med dei spente fiskarane i Eira natt til 1. juni i år. Det vart faktisk rekordtidleg fangst. Tre minutt over midnatt fekk Robert Løvik napp, og 7–8 minutt seinare hadde den overlykkelege fiskaren ein 6 kilos villaks på land. Sidan då har det vore nokså stille både i Eira og dei andre lakseelvane våre.

Men kva gjer vel det? Laksefiske er ikkje matauk. Laksefiske er tre sommarmånader med magiske øyeblikk.

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist