Skorgedalen, skiparadis for alle

Skorgedalen i Rauma er det mest populære utfartsområdet for skiglade raumaværingar. Men det er god plass til alle oss andre også.

Dette er ein av dei mest populære skitoppane i heile Romsdal

Skorgedalen i Rauma
Kortreist

Kvifor Skorgedalen? Fordi dalen har alt du kan ønskje deg! Rauma Skisenter med skitrekk og nedkøyringar som passar for alle, variert skiterreng for turar på ski nede i dalane og ikkje minst skitoppar som gir utfordringar til både vanlege folk og ekspertar.

BILDER: Se flere bilder fra Skorgedalen her!

Eg tok turen laurdag for ei veke sidan. Først ein tur på Skarven. Dette er ein av dei mest populære skitoppane i heile Romsdal. Dermed er det som regel godt oppgåtte løyper heile vegen opp. Det tok likevel si tid, for eg måtte stadig snu meg for å sjå korleis utsynet forandra seg etter kvart som eg kom høgare opp i fjellet.

Toppturar. Smørbottfjellet på den andre sida av dalen er saman med Skarven det mest besøkte skifjellet her. Klassikaren er å sikksakke seg opp sjølve Smørbotnen til den austlege toppen, og renne ned om lag same veg. Det gir 800 høgdemeter med jamn 20-graders utforkøyring. «Ypparleg terreng for store svingar», ifølgje Halvor Hagens gaidbok, Toppturer i Romsdalen. Eg held fram mot toppen av Skarven, og her er det heller ikkje vanskeleg å finne vegen verken opp eller ned. Det vanlege er å gå opp sørryggen og renne ned den søraustvendte botnen. Der er det tett i tett med «bordar» i snøen etter dei mange som har vore på toppen sidan siste snøfall. Dette er «NM-løypa» frå noregsmeisterskapen i utfor i 1940, og har dei seinare åra også vore traseen for Skarvenrennet.

Utsyn. Frå toppen er utsynet så fint som det sjølvsagt må bli når du står på ein vel 1000 meter høg fjelltopp med Venjestindane, Romsdalshornet og Trolltindane som nære naboar i sør, fjorden med Veøya og Molde i nord og Skorgedalen rett under oss. Må sjåast!

Eg riv av fellane og puslar meg med runde og forsiktige svingar nedover. Først den fine botnen frå toppen, deretter flatar det ut og til slutt artig skogskøyring ned til Skorgedalen.

Rauma Skisenter. Resten av dagen brukar eg i Rauma Skisenter. Med skitrekket er eg raskt og utan bruk av krefter langt oppe i fjellsid. På nedturen kan eg velje mellom preparert bakkar og laussnø ute i terrenget.

Frå toppen av trekket er det også populært å halde fram oppover Strandafjellet og Brevikheia med retur via Ljøsådalen. Lenger aust ligg Snortungen, Galtåtinden og Loftskardtinden. På motsett side av dalen tronar ein staseleg topp med eit smålåte namn, Såta.

Mi oppmoding er du skal ta turen til Skorgedalen neste gong. Prøv den imponerande leikegrinda til natur- og skiglade raumaværingar!

Romsdals Budstikke ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

Kortreist