Lysfest og kunst på Litjefjellet

Utsyn i verdsklassen, soloppgang i Trollveggen og no også kunst på Litjefjellet!

Klokka er kvart på tre om morgonen. Vekkjarklokka ringer! Eg løftar på hovudet, og får sjå akkurat det eg har drøymt om. Sola dukkar opp bak Venjestindane, og er straks i gang med å setje fyr på Trolltindane med sitt gulraude morgonlys. Eg ålar meg ut av soveposen, grip fotoutstyret og set i gang med det eg har kome hit for. Eg ser og fotograferer. Fotograferer og ser. Tida må utnyttast før lysfesten er over!

Liten tur, stort utsyn. Turen opp til denne fjellryggen mellom Romsdalen i vest og Venjesdalen i aust er gjort på 15 minutt. Med andre ord ein liten tur med stor belønning. Sjå deg omkring! Frå Litjefjellet får du nærkontakt med ei lang rekkje av Norges mest imponerande fjell: Romsdalshornet, Breitinden, Trolltindane og Trollveggen, Venjestindane, Kalskråtinden, Olaskardstinden. Vil du ha den store opplevinga, skal du gjere som eg. Gå opp ein kveld midt på sommaren. Få med deg kveldslyset fram til sola går ned, sov 2 – 3 timar og stå opp saman med sola. Då får du vere med på ein fest i lys og fargar!

Dette er noko du kan gjere heile sommaren, men maksimal utteljing av lyset i Trollveggen får du sjølvsagt når sola er på sitt høgaste. Uansett er ein tur til Litjefjellet ei stor naturoppleving, men moderat fysisk utfordring.

Vil du oppleve kunst under open himmel i Venjesdalen og på Litjefjellet må du vere der i Fjellfestival-veka. I år er det «Kunst i Natur» for niande gong: «På sporet av den 9. Innsikt – Kunst i Natur i Romsdal 2010».

Se flere bilder her!

Litjefjellet er staden. Denne gongen er åtte kunstnarar med: Agnetha Segerfelt, Gunvor Tangrand, Guri Berg, Ann-Mari Arneberg, Dag Hagen, Åse Rangnes Søvik, Geir M. Brungot og Gunn N. Morstøl.

- Kunst i Natur er stadkunst, og for oss er Litjefjellet staden! Dette har vore eit årleg arrangement sidan 2002, og heile tida har vi halde til på Litjefjellet og i Venjesdalen. Vi blir her, sjølv om Norsk Fjellfestival i år har valt å flytte opningsarrangementet sitt til Herjevatnet. I tillegg til det som går føre seg utandørs, har vi utstilling ved Galleri Innsikt i Isfjorden. Vi gjer merksam på at Galleri Innsikt har flytta, og held no til i stallen på nabogarden, hos Eli Vatten og Knut Edvart Grøtta, opplyser Gunn N. Morstøl.

Natur og miljø. Årets tittel, «På sporet av den 9. Innsikt», leier tanken mot Galleri Innsikt der det heile starta og at dette er den niande Kunst i Natur:

- Tittelen seier oss også noko om dei deltakande kunstnarane sitt engasjement og respekt for natur og miljø både lokalt og globalt, og til undring og nysgjerrighet, seier Gunn N. Morstøl.

Alle som vi oppleve kunstverka ute i naturen, kan ta turen til Venjesdalen og Litjefjellet frå måndag 12. juli og i tre veker framover. Utstillinga på Galleri Innsikt er open alle dagar frå klokka 13 til 19.

Kunst i Natur arrangerer kunstvandring med gaid på Litjefjellet tysdag kl. 14 og «Miljøagentenes kunst- og naturvandring» laurdag kl. 13. Ved begge arrangementa er det oppmøte i Venjesdalen der stien til Litjefjellet startar.

Kunst i Natur er stadkunst, og for oss er Litjefjellet staden!

Gunn N. Morstøl
Kunst i Natur, Litjefjellet
Siste nyheter

Påskepizza rett i gryta

Så lett lager du pizza på dagens tur.

Høyr frosken!

Gå ut i skogen bak huset ditt. Set deg ned ved kanten av ei myr eller ei lita tjønn. Sit roleg. Ver heilt stille i 20 minutt. Noko kjem til å skje. Det kan eg love!

Pannekakeglede på tur

Denne enkle retten gir dobbel glede på turen.

Aldri lei av Lauvåsen

Det må være noe ekstra med Lauvåsen. Eva Sanden har vært der 2002 ganger.

Byfiske

Vi fisker ikke på måfå. Dette er jakt. Torskejakt med ekkolodd og kart.

Siste debatterte saker

Satser på «Moi´s Spesial»

MFKs Mohamed Elyounoussi håper det blir fokus på noe annet enn pizzaen hans mot Sarpsborg på mandag.

Papegøye i Molde-hage

- En og annen skjære var innom og så på den, men den bare satt der.

Misfornøyd Solskjær: - Det var ikke straffe

(Cardiff – Stoke 1-1) To omdiskuterte straffemål og én annullert scoring da Cardiff tok ett uhyre viktig poeng i nedrykksstriden.

Røde Kors skryter av fjellfolket

Etter nok en rolig påskedag i fjellet, skryter Røde Kors av de ferierende.

MR-time på dagen, sier Medi3

Det private sjukehuset Medi3 er klar til å samarbeide tettere med helseforetaket.

Quiz 6 - fra Skaret!

Kortreiste påskenøtter på Rbnett hver dag - dagens nøtt er fra Skaret skisenter.