Eit fjelleventyr på sykkel

Ut på sykkeltur
Foto: Iver Gjelstenli
Ut på sykkeltur Foto: Iver Gjelstenli
Ein sykkeltur frå Oppdal til Åndalsnes. 240 km med bygdevegar, setervegar og bilvegar med lite biltrafikk. Dette kan bli ein stor, norsk sykkelklassikar!
Iver Gjelstenli
Publisert: 26.06.2010 kl. 06:00
Endret: 26.06.2010 kl. 10:01

– Målet er å gjere dette til ein populær sykkeltur for norske og utanlandske turistar

Anne Stine Mathisen.

Visst var eg skeptisk. Ein sykkeltur der første etappe skulle gå frå Oppdal til Sunndalsøra!? Skulle vi balansere langs kvitstripa og slåst om plassen med tunge og breie trailerar ned Gråura? Med dagleg leiar Anne Stine Mathisen i Contrast Adventure og vegleiar Geir Plassen hadde andre planar: Til fjells!

BILDER: Se fyldig bildegalleri fra turen her!

Dag 1: Først bygdevegen på sørsida av Driva til Blokkhus. Derfrå på god grusveg oppover til Dindalshytta (Trondheim Turistforening). Vidare innover Dindalen, framleis på brukbar vegstandard, men med ei og anna utfordrande elv som kryssa vegen, til Veggasetra og Veggavatnet. Her fekk vi ein km med sti, men ikkje verre enn at sykkelen kan trillast, ikkje berast. Midt på vatnet kryssar vi fylkesgrensa, og dermed skiftar dalen namn frå Dindalen til Linndalen og elva frå Dindalselva til Linndalselva.

Men landskapet er like stort og vakkert enten du er i Trøndelag eller Møre og Romsdal. På god fjellveg sykla vi vidare til Gammelsetra (Kristiansund og Nordmøre Turistforening), og derfrå nedover til Jenstad med strålande utsyn mot Svisdal og Jenstadjuvet (Åmotan) med kvitskummande fossar. Nye unnabakkar tok oss leikande lett ned til Gjøra, der vi tok ein stopp på Nasjonalparksenteret. Resten av dag ein er Sunndalen ned til Sunndalsøra. Små stubbar med gamlevegen og til slutt sykkelveg gjorde også den etappen til ei fin sykkeloppleving. Vi overnatta og fekk nyte god mat, gode historier og strålande utsyn rett opp på Hårstadnebba hos innehavar Jostein Trædal og dagleg leiar Astrid Mølsæter på Trædal hotell og turistsenter.

Dag 2: Aursjøvegen mellom Sunndalsøra og Eikesdal er vel kjent som ein av Norges finaste fjellvegar. Tunge motbakkar opp frå Litledalen til Aursjøen, men ein festdag av ein sykkeltur gjennom eit stort og variert fjellandskap. Vi avslutta med den idylliske gamlevegen i Eikesdal og eit herleg cruise med god mat over Eikesdalsvatnet med «Mardøla» og Nikolai Finset som vert. Overnatting i hytter med høg standard hos Anna Margrete og Jostein Øverås i Eresfjord, og god frukost i regi av Olise Øverås og Bjørn Cameron Alexander, som frå neste år skal drive Kavli Moen Gård i Eresfjord.

Dag 3: Siste etappe frå Eresfjord til Åndalsnes startar med 500 høgdemeter opp til Vistdalsheia, men resten er lett sykling på veg. Ein del vegtrafikk mellom Åfarnes og krysset der fjellvegen går opp til Skorgedalen. Vidare gamlevegen til Isfjorden og sykkelveg til Åndalsnes.

Les flere kortreist-reportasjer her!

Contrast Adventure har ambisjonar om å gjere denne sykkelturen til eit stort reiselivsprodukt.

– Målet er å gjere dette til ein populær sykkeltur for norske og utanlandske turistar, seier dagleg leiar Anne Stine Mathisen.

Eg trur ho vil lykkast. Garantert!

Diskuter denne saken

Innsendt av KAY 28.06.2010 16:30:35 Varsle!

da er det vel bare for billistene å kjøre varsoms, slik de skal...??

Innsendt av Kai Roger Sande 26.06.2010 17:41:37 Varsle!

Tru kor mange sykkelister som kjem t å bli kjørt i hjel på strekningene (Vistdal)Sandnes- (Vistdal)Skorgen, å Lerheim-Skorgedalen. Dette er smale svingete vegstrekninger med tidvis stor trafikk, å ikke egnet til å sende en bøling med sykelister mitt i veien...

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Rbnett ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.
Vi sykler gamlevegen langs Brevikstranda. Åndalsnes i bakgrunnen. Foto: Iver Gjelstenli
Geir Plassen i tet opp Litledalen. Togfossen i bakgrunnen. Foto: Iver Gjelstenli

Sykkeltur frå Oppdal til Åndalsnes

  • Kva: Lang sykkeltur (240 km) med ein del stigning (vel 3.800 høgdemeter) på bilvegar, setervegar og eit kort stykke på sti. Kvar: Start på Oppdal, over fjellet via Dindalen og Linndalen til Gjøra og deretter ned Sunndalen til Sunndalsøra. Dag to over Aursjøvegen til Eikesdal og vidare til Eresfjord. Dag tre over Vistdalsheia og vidare via Vistdal, Mittet, Årfarnes og Isfjorden til Åndalsnes.
  • Tid: «Testlaget» brukte tre dagar. Planen er å tilpasse dagsetappar og antall dagar til deltakarane.
  • Passar for: Alle som er glad tilsykling, naturopplevingar og som er i god fysisk form.
  • Pris: Fra 1.800 kroner per døgn inkl. overnatting, mat, gaid og bagasjetransport.
  • Nett: contrastadventure.no

På forsiden nå

Molde vil kapre «Rosenborg-land»

BENIDORM: Ole Gunnar Solskjær sier det med et glimt i øyet. Men også i alvor. Han skal bygge et stabilt topplag. Da må RBK utfordres, både på og utenfor gresset. Les mer

Åpnet Polar Jazz

Bård Watn spilte for et stappfullt kulturhus på Svalbard Les mer

Terningkast 5

FILM: «Jernkvinnen»

Meryl Streep briljerer som Margaret Thatcher i et portrett av en politisk pioner. Les mer

Flere avganger Årø - Oslo

Norwegian utvider rutetilbudet Molde - Oslo i helgene. Les mer

Søknad om Ona-tiltak kan ta tre år

Torghatten Nord søker Kystverket om å få fjernet grunner på Ona, så ferja kan gå trygt dit. Men - søkeprosessen alene kan ta tre år, sier Kystverket. Les mer 13 kommentarer