Bli med på kortreist- versjonen av verdas vakraste sjøreise!
Endret: 11.03.2010 kl. 15:07
Eg blir aldri lei av Norges svar på Orientexpressen.
Andrew Paterson
Molde/Kristiansund: Det tek berre 1 1/2 time med Timeekspressen til Kristiansund. Hurtigruta brukar 3 1/2 time derfrå til Molde. Som ekstra bonus får du ein time og 15 minutt til å gå på kafé i Kristiansund.
Du har vel råd til å bruke seks timar til å skaffe deg ei kortreist oppleving som Xavier og Marie-Helene frå Paris, Dave og Andrew frå Skottland, Inger og Arne Bergenhus frå Oslo og titusenvis av andre turistar reiser jorda rundt for å få med seg?
Haustver. Kvifor ikkje gjere turen ein haustdag med litt ruskever. Då får du dagslys under utseglinga frå Kristiansund og utanfor Averøya. Så mørknar det gradvis når sjøgangen gir klar beskjed om at no er du på Hustadvika!
– Tres interessant, seier Xavier og Marie-Helene frå Paris, men dei ser fram til kultur og arkitektur når dei er framme i Bergen, etter all denne barske naturen.
Badeliv. Vi møter skottane Andrew og Dave i den utandørs badestampen på "soldekket":
– Dette er min tredje tur frå Kirkenes til Bergen med hurtigruta. Eg blir aldri lei av Norges svar på Orientexpressen, seier Andrew Paterson.
Inger og Arne Bergenhus frå Oslo er og mellom dei 300 passasjerane ombord i MS Trollfjord.
– Vi har gjort turen mange gonge. Helgelandskysten er den beste strekninga.
Sjå og kjenne. Dei drygt tre timane ombord går fort. Når det mørknar brukar eg tida til å kjenne på sjøgangen og stirre ut over havet og inn mot land. Der er Hestskjæret fyr, langt der inne Storseisundbrua på Atlanterhavsvegen, det lumske skjæret Bjugna, Kvitholmen fyr, Horberget på Hustad og bak Gulberget ser eg lyshavet frå Ormen Lange-anlegget på Nyhamna.
Så går vi inn mellom Bud og Bjørnsund, og havet stilnar. Resten av turen inn Julsundet og fjorden mot Molde kan eg nyte framme i panoramasalongen.
Fransk visitt. Vel framme i Molde går eg saman med Xavier og Marie-Helene "to the right where you can see the church and the city hall".
– Kom tilbake til sommaren og sjå den vakre byen vår med roser, fjord og fjell, seier eg når vi tar farvel ved ei vintertørrlagt Rosepike. Men for oss som bur her, anbefaler eg like gjerne ein hausttur med hurtigruta frå Kristiansund og Molde.
Og så er det jo faktisk berre ein liten svipptur frå Molde. Ein kveldstur, faktisk!
