(Foto: Kjell Langmyren)

Foto: Kjell Langmyren

Festlig mat til 17. mai

17. mai-mat treng ikkje bety pølser og brus. Sjefkokk Joacim Torset hos Angvik Gamle Handelssted gjev deg alle råda du treng for å invitere til ein lekker 17. mai-brunsj.

– Ferdigkjøpt potetsalat er berre latskap, det vert som å kjøpe Toro lasagne. Spesielt trist er det om ein ikkje ein gong gidd å ta potetsalaten ut av plastboksen. Det er ikkje vanskeleg å lage maten sjølv, og berre enkle grep skal til for å gjere den spennande, seier sjefkokk på Angvik Gamle Handelssted, Joacim Torset.

Han står framfor ein rikhaldig 17. mai-bufeet, der all mat er laga frå botnen, og kor ein har både tradisjonsmat og meir eksotiske rettar i ein fin miks.

Planlegg

Som Torset seier, treng det ikkje vere så vanskeleg å oppnå eit slik resultat om ein sjølv inviterer til 17. mai-frukost.

– Start med å lage ein plan i god tid i førevegen. Om ein er nybegynnar er det lurt å velje rettar som ein er trygg på frå før, og ikkje tenkje at ein skal vere verdsmeister med ein gong. Dagen før bør ein lage klart mest mogleg, som å bake brød, lage kake og potetsalat, då slepp du mykje stress. Ein bør starte med det som tek lengst tid. Når dagen er kome og gjestene snart kjem, bør ein lage klart det som smaker best heilt ferskt, som eggerøre og omelett. Det løner seg å ha ein plan også her, i form av ei liste. Denne bør ein følgje nøye og krysse av undervegs. Ein kan også tenkje at ein kan involvere flest mogleg på kjøkenet, eller til å gjere andre ting, som å pynte bord og dekke på.

Se oppskrifter til 17. mai-brunsj og video her!

Torset legg til at det også kan vere lurt å tenkje gjennom kven og kor mange ein inviterer, samt kva ein serverer, om ein er nybegynnar som selskapsvert.

– Start med rundt åtte til tolv personar dei første gongene, og la dette gjerne vere familie. På buffeen kan ein halde seg til mellom fem og seks rettar. Dette kan vere eit rekefat, eit fat med ulik spekemat, som ferdigskiva fenalår og St. Cristina-skinke, og ei god kake som kan lagast på førehand. Ein kan også lage til eit oste fat med brie, camembert og blåmuggost, samt tilbehør som marmelade og godt brød. Eg rår folk til å gå til bakeriet og seie kva slags ost dei skal servere, slik at dei som jobbar der kan plukke ut eit brød som passar.

Når ein har prøvd seg nokre gonger, kan ein avansere etter kvart.

– Ein kan gjere det meir eksklusivt ved å servere dampa blåskjel, ei suppe eller ei litt meir avansert kake, som sjokoladekake nemesis, seier Torset.

Ikkje kjøp for mykje

Han seier at berekning er noko mange slit med i forkant av selskap.

– Mange kjøper inn og lagar altfor mykje mat. Eg brukar å tenkje at alle skal få smake to bitar eller skje av kvar rett. Tenk over kva gjestene et, og kva som brukar å vere populært. Står ein med ei pakke av ei vare og lurer på om det er nok, bør ein berre kjøpe denne eine pakka. Det er ikkje krise om det går tomt av ein ting undervegs.

Torset har også eit generelt råd å kome med når det gjeld nervøse amatørkokkar.

– Ikkje sjå på det som lastverk, men kos deg med matlaginga og tenk progresjon undervegs. Det er ok å dumme seg ut, for det er berre mat, ikkje noko meir alvorleg enn det.

Se oppskrifter til 17. mai-brunsj og video her!

Siste nyheter

Dim sum-dilla

Gyoza er en munnfull som gjør at du ikke har lyst til å slutte å spise med det aller første.

Øyen til helseforetaket: - Ta til dere rosen

Ordføreren i Kristiansund roser helseforetaket etter folkemøtet.

LES OM FOLKEMØTET I KRISTIANSUND

Likte dårlig null på sårbarhet for Frei

Mye applaus. Men folkemøtet likte dårlig 0-karakter til Frei på punktet om sårbarhet.

Rooney-spøk vakte oppsikt i England

Vegard Forrens spøk om Wayne Rooneys form var et tema på tirsdagens pressekonferanse på Wembley.