rbnett.no:
VestnesAktiv bygd: Øyvind Granberg er leiar i Tresfjord bygdelag. FOTO: OLAv SKJEGSTAD
Syltemartnan i Tresfjord flyttar tilbake til Tresfjord skule. Det har styret bestemt.
Syltemartnan i Tresfjord har ein over 100 år lang tradisjon. Før var det dyr og landbruksutstyr som stod i sentrum, dei siste 30 åra har Syltemartnan vore meir av ein sosial møteplass med utstillingar og kjøp og sal av stort og smått.
Med unnatak av to år har Syltemartnan kvar haust vore arrangert på Sylte i Tresfjord. Eitt år vart den flytta til Gjermundnes, i fjor vart den lagt til Stall Wenaas på Rypdal. No er det tilbake til røtene.
– Når vi no vel å flytte den tilbake til Tresfjord skule, ligg det ei heilskapsvurdering bak. Dette går både på husleige, parkering og tilbakemeldingar frå publikum og utstillarar. Vi har hatt evalueringsmøte, konklusjonen vart å gå tilbake til Tresfjord skule, seier Øyvind Granberg, leiar i Tresfjord bygdelag.
Han fortel at 2010 blir eit hektisk år for lag og organisasjonar i Tresfjord. Den 27. mars er det premiere på årets påskerevy på Tresheim. Gapskrattfestivalen blir arrangert i Tresfjord frå 1. til 3. juli, og Syltemartnan er lagt til 28. og 29. august.
Se flere nyheter fra Vestnes
Publisert tirsdag 02. februar 2010 kl. 17:00.
| SVT HD: | 12:00 | Rapport |
|---|---|---|
| NRK Alltid nyheter: | 12:00 | Dagsnytt |
| P3: | 12:00 | P3nyheter |
| P2: | 12:00 | Dagsnytt |
| P1: | 12:00 | Dagsnytt |