rbnett.no:
VestnesKontakt med publikum: Arve Rekdal har ansvaret for å organisere snøbrøytinga i Vestnes kommune. Her viser han fram ei gåve frå ein anonym og litt skuffa skattebetalar. Alle foto: Olav Skjegstad
Ni private og Vestnes kommune har ansvaret for å rydde kommunale vegar og gangvegar i Vestnes for snø og is. Det har stort sett gått bra.
VESTNES: Kraftig snøfall har sett brøytemannskapet på harde prøver, men det har stort sett gått greit, opplyser Arve Rekdal, ingeniør med ansvar for drift og anlegg i Vestnes kommune.
På pulten framfør han står det ein liten traktor med påmontert ryddeutstyr, ei gåve frå ein anonym og misfornøgd innbyggar som kommunen fekk for eit par år tilbake.
«Som plaster på såret får dere en litt forsinket julegave. Hilsen litt skuffet skattebetaler», står det på kortet.
- Vi har ikkje mottatt mange slike klager i vinter. Det eg har fått vite om, gjeld mangelfull brøyting av snuplassar og ved postkasser, seier Arve Rekdal til Romsdals Budstikke.
Vestnes kommune tar sjølv ein del av brøytinga i Helland sentrum. I tillegg har kommunen ein stor veghøvel som blir brukt for å fjerne hardpakka snø og is. Ellers er det private firma og enkeltpersonar som tar seg av brøytinga om dei 80 kilometer med kommunal veg og 11 kilometer gangveg.
Alt er sett ut på anbod, og dei som oppdraga blir betalt per time dei arbeider. I tillegg får alle eit beredskapstillegg.
- Folk står ikkje akkurat i kø for å få desse jobbane, og det kan vere ei utfordring å få folk alle stader. Men det har gått bra, seier Arve Rekdal.
I krava frå kommunen står det at kommunale vegar skal vere gjennombrøytt til klokka 06.30 om morgonen. Brøytemannskapet skal rykke ut når det er ti centimeter tørr snø, og det skal aldri vere over 15 cm snø før det er gjennombrøyta.
- No håpar vi på ein fin og stabil vinter. Vi har eit årsbudsjett for vedlikehald av vegnettet vårt. Dette skal rekke til både sommar og vinter. Det er klart at dersom vinteren held fram som no, blir det lite igjen til sommarvedlikehald, seier Arve Rekdal.
Se flere nyheter fra Vestnes
Publisert mandag 01. februar 2010 kl. 06:00.
| SVT HD: | 12:00 | Rapport |
|---|---|---|
| NRK Alltid nyheter: | 12:00 | Dagsnytt |
| P3: | 12:00 | P3nyheter |
| P2: | 12:00 | Dagsnytt |
| P1: | 12:00 | Dagsnytt |